Er bilane for dårleg skodd, eller kan dei ikkje å køyre bil?

Det la seg eit lite slør med snø over Buaværet i natt. Da eg i morgontimane køyrde ein runde for å ta nokre bilde til Hustadvikingen, var det høgst normale tilstandar som møtte meg. Eg registrerte ingen teikn til kaos.

Før eg dro ut, såg eg på nyheitene. Der fekk eg vite at Kong Vinter også hadde avlagt dei sørlege delane av landet ein aprilvisitt. Det var visst snakk om nokre få centimeter med snø. Ut frå reportasjane, kunne ein tru at det hadde kome på metervis.

Før i tida hende det ein sjeldan gong at det kom innslag på Dagsrevyen om snøfall i Aten og andre storbyar langt nede i Europa. Vi som var vande med mykje snø og vinterføre i ymse utgåver, hadde moro av å sjå kor hjelpelause desse søreuropearane var. Trafikkaos, kollisjonar og utforkøyringar berre på grunn av nokre snøfiller – det var rare greier.

No for tida treng vi ikkje å vente på snøbygene i Aten for å få slike reportasjar inn i stua. Det held med eit lite snøteppe over Austlandet. Da har NRK og TV2 plutseleg stoff til å fylle nyheitssending etter nyheitssending, og nettavisene tar fram krigstypane.

I dag skjedde det altså igjen – for ørtande gong denne vinteren. Minst. No skuldast kaoset visstnok at dei fleste sør for Mjøsa har lagt om til sommardekk. Forklaringa har kanskje noko for seg. Men sidan litt snø på vegane inn til Oslo utløyser katastrofetilstandar uansett kva månad vi er inne i, blir ein mest freista til å tru at altfor mange i denne landsdelen brukar sommardekk heile året.

Eller at dei rett og slett ikkje kan å køyre bil. Eg berre lanserar teorien.

Eg er sjølvsagt fullstendig klar over at trafikken i osloområdet er ein liten grann større enn mellom Bud og Elnesvågen. Likevel held eg meg hard på at mykje av dette repeterande kaoset kunne ha vore unngått, om bilistane hadde gjort noko så enkelt som å sko seg etter forholda. Ein slik elementær forholdsregel inneber mellom anna at ein legg på vinterdekk om hausten, og ikkje tar dei av før langt uti april.

Ja da, eg veit også at klimaet er mildare sørafor, og at hovudregelen er berre vegar. Det er ikkje straffbart å køyre med sommardekk om vinteren, dersom forholda tillet det. Men om folk på død og liv skal ha sommardekka på heile året: La bilen stå når føret er glatt og Austlandet ligg lamma under to centimeter med snø.

Til redaksjonane i riksmedia: Står det ein snøkrystall over Oslo på verkartet om kvelden når vi legg oss, veit vi korleis nyheitsbildet blir neste morgon. Vi ute i periferien treng ikkje alle desse endelause katastroferapportane om bilar som står på tvers eller ligg på taket rundt om på Austlandet. Armoda skal sjølvsagt ikkje teiast i hel. Men litt mindre doser hadde vore greit.

Medan eg har festa desse orda til skjermen, har sola og nokre få varmegrader befridd Bud for snøkåpa. Atter kan vi tru på våren. Men er Kong Vinter ferdig for i år? Det er ikkje så sikkert, verken her eller på Austlandet. Eg skal køyre med vinterdekk i to veker til. Ja, kanskje heilt til mai.

Forresten skal eg på skitur i fjellet no i helga. Der går eg på smørefritt.

Kommenter innlegget