«Tenn eit lys og finn fram ei god bok. Ja, gjer noko som er unyttig»

Det er siste formiddag i november. I morgon går vi inn i julemånaden, med alt det som den har å by på - frå julegåvekjøp og trivelege tradisjonar til meir trivielle gjeremål som vasking og anna styr. Utanfor vinduet lavar snøen ned. Bud er pynta i kvitt. Innandørs går pensjonistlivet på låggir. Vi har gjort … Les meir av «Tenn eit lys og finn fram ei god bok. Ja, gjer noko som er unyttig»

No står Knut i døra, og jula må ut

Da er det tilbake til kassen på mørkeloftet for denne trivelege familien. På gjensyn i desember! Når er jula slutt? Denne epistelen er skriven på tjuandedagen, 13. januar, som frå gammalt har markert avsluttinga på jula ein del stader i Norge, Sverige og Finland. Heime oss oss likar vi å ha jula framme heilt til … Les meir av No står Knut i døra, og jula må ut

Blikk på julehefta før og no: Det har vorte så mange at ein må tjuvstarte

Julehefte frå tider som var. Eg gjekk på ein smell i fjor, og vart sittande med uleste julehefte til langt uti januar. Forsettet i år er å ikkje kjøpe fullt så mange hefte, og i tillegg starte lesinga tidlegare. Difor er eg allereie i gang. Det kjennest ut som ein tjuvstart. Samstundes er det mykje … Les meir av Blikk på julehefta før og no: Det har vorte så mange at ein må tjuvstarte