30. april kan brukast til så mangt. Vårkvelden på Tæla ga meg inspirasjon til litt tankespinn, som igjen resulterte i eit spontant og ikkje altfor langt blogginnlegg. I ungdomstida vart det gjerne ein fest om kvelden på denne datoen. Ikkje anna enn eg hugsar, var det tradisjon med dansefest i Myrvang 30. april. Det var … Les meir av Den siste kvelden i april
Stikkord: Fjellet
Mellom to hytteturar – tankar i den stille veka
Mellom to opphald på hytta nyt eg den stille veka på heimebane. Det vart to overnattingar på Tæla i palmehelga. Langfredag ber det opp igjen. Da blir vi til tysdag etter påske.
Ei reise gjennom hyttesesongen 2023
Årsskiftet kjem omtrent midt mellom to hyttesesongar. Vi avsluttar som regel på Tæla eit stykke ut i oktober, og startar eit nytt hytteår når det lir mot slutten av mars. No på svartaste vinteren er minna frå hyttelivet ein god ballast å ha med seg. I dette innlegget inviterer eg til ein tur i tekst og mange bilde gjennom 2023-sesongen på Tæla.
«… i noen forte øyeblikk har jeg felles åndedrett med fjellet»
"Alene med vidda" er ei bok eg vil anbefale alle som likar fjell og natur å lese. Eit meisterverk.
Den nest siste turen i år
Haustkvelden legg seg mildt over Tæla. Eg er på dag 2 i det som nok er nest siste turen i år.
Slike helger lever vi lenge på
Nokre minne frå ei flott septemberhelg i tekst og bilde.
Vedarbeid på gammaldags vis
HYTTELIV Veden vermer mange gongar, blir det sagt. Det er heilt sant. Vi som har ei veg- og straumlaus hytte utanfor allfarveg, veit kva dette handlar om. Vedarbeidet på Tæla foregår på gammaldags vis. Med unntak av dei største trea, nyttar vi handsag. Det er ein støyfri og effektiv reiskap. Så langt frå folk, brukar … Les meir av Vedarbeid på gammaldags vis
Mimring over ei gammal hyttebok
Det ligg mykje historie i gamle hyttebøker. På ein stille styggversdag, har eg trøydd tida med å lese dagboksnotatane frå dei åra da Ane og Peder Kvendbø bygde hytta vår, Tælastuå. Ane og Peder starta med hytteprosjektet sitt tidleg på 1950-talet, da dei fekk overta fjøset som høyrde til setra på heimgarden min. Peder reiv … Les meir av Mimring over ei gammal hyttebok
Sommarsesongen i gang i Tælastuå: Åleine i styggveret
Det gode liv. Tida går fort i godt lag, heiter det. Eg ser på klokka. Det er snart tolv timar sidan eg stod opp. Og no er kvelden komen. Kvar vart dagen av? Eg må konkludere med at tida går fort, også i eige selskap. Eg har hatt Tæla for meg sjølv i dag. Ikkje … Les meir av Sommarsesongen i gang i Tælastuå: Åleine i styggveret
Eremitt i snøen
Kveldsfred. Eg er kanskje ein særing. Det får våge seg. Mi ærlege meining er at mai er den finaste skimånaden i fjellet. Ja, sjølvsagt må det vere snø. Men det er som regel ikkje noko problem her oppe på Kvennbøtæla. I år er det rikeleg med snø tretten dagar ut i mai. Og den kjem … Les meir av Eremitt i snøen