Dei mannlege norske langrennsløparane gjer reint bord i VM. Fire norske gull på fire forsøk er fasiten så langt. Når laurdagen er omme, vil vi mest truleg vere oppe i seks av seks. Berre eit fall hindra firedobbelt norsk på begge dei to første distanserenna. På reservebenken har vi løparar som kunne ha sikra norsk på dei seks-sju første plassane, om dei fekk gå.
Norske gull skapar fest i Granåsen. Men medaljane har ei bakside. I det lange løp kan det ikkje fortsette slik, om herrelangrenn skal overleve internasjonalt. Varsellampene blinkar allereie. Utlendingane stiller opp, men med unntak av nokre få svenskar og ein finne – som ikkje er med i VM – finst det nesten ikkje motstand.
Prestasjonane til Johannes Høsflot Klæbo er enorme. Han går langrenn som ingen andre har gjort før han, og fortener kvar ein medalje. Men «problemet» er altså at det stort sett er berre nordmenn som er i stand til å konkurrere på same nivå.
Tidlegare veksla langrennsnasjonane på å dominere. Slik er det ikkje lenger. Og akkurat no er det veldig vanskeleg å sjå korleis t.d. ei gammal stormakt som Finland skal kome tilbake og detronisere Norge som den leiande nasjonen. Avstanden har vorte så stor, både når det gjeld nivå, breidde og ressursar. Om russarane nokon gong kjem tilbake – kva forfatning vil dei vere i?
Mange meiner mykje, men ingen har noko svar på korleis langrennssporten skal kome ut av ein situasjon som TV-ekspert Fredrik Aukland i VG karakteriserar som «et bunnpunkt» for den internasjonale konkurransen. Aukland sin ekspertkollega Martin Johnsrud Sundby seier: «Dessverre har vi også en fordel når det kommer til ski. Når vi er bedre fysisk, og i tillegg er materielt bedre, så blir resultatlisten veldig rød, hvit og blå».
Eit forslag er ekstern smøring av ski, som deltakarane får utdelt like før start. Det kan kanskje føre til ei viss utjamning. Ei slik ordning er lett å gjennomføre i fristil, men verre i klassisk.
Kan det til og med vere ein ide å slutte med klassisk? Eg har lenge meint ja – ikkje berre på grunn av eit eventuelt nytt smøresystem, men mest fordi eg trur det vil gjere langrenn lettare tilgjengeleg og skape betre rekruttering. Med to stilartar er langrenn ein kostbar idrett.
Om det hjelper? Kanskje, kanskje ikkje. Kombinert og skiskyting, begge greiner med større internasjonal breidde enn spesiallangrenn, har med stor suksess kutta ut klassisk. Dei brukar kun den stilarten som tek løparane raskast frå start til mål. Men vi veit jo ikkje om effekten vil vere den same i langrenn.
Det enklaste hadde vore om utlendingane satsa hardare og vart betre. Ja, det var det da. Den estiske journalisten Mart Treial seier det slik til VG: «Det ville vært bedre med flere nasjoner i toppen, men husk at avstanden ned ikke er så veldig stor».
Alt er relativt. Uansett får vi tru at det finst håp.