Norske gull skapar fest i Granåsen. Men medaljane har ei bakside. I det lange løp kan det ikkje fortsette slik, om herrelangrenn skal overleve internasjonalt.
Stikkord: Sport
Dette var ein dårleg ide
50 km langrenn for kvinner bør ikkje bli noko meir en ei kort historie. Eg kan seie det utan å bli skulda for å vere mannssjåvinistisk. Heidi Weng og fleire andre løparar ga uttrykk for det same etter OL-femmila i Val di Fiemme.
Fire trenarar og eit førti år langt eventyr
Eg er vel strengt tatt ikkje så veldig handballinteressert til vanleg. Men i eit par adventsveker kvart år er det lite som slår handball. Norge sluttar aldri å vinne. Og eg sluttar aldri å la meg imponere.
Ein rykande brannruin
Finst det så mykje som ein einaste grunn til å fortsette å sjå på skihopping? Ja, sjølvsagt. Det finst tusen, minst.
«Alt var mye bedre under krigen»
Det har aldri vore sendt så mykje vintersport på TV som no. Spreiinga av vinteridrett på fleire kanalar gjer at vi som er interessert kan gle oss over eit tilbod som rett og slett er formidabelt.
Skøytekonge, barndomshelt og forbilde – no fyller han nitti
Jubilanten føyer seg inn i ei ærverdig rekke av norske skøytekongar. For meg er han den største. Eg er for ung til at eg kunne få med meg storheitstida til Hjallis, og akkurat gammel nok til at Kupper’n vart ein barndomshelt.
Tida er ikkje den rette til å tulle med død og drap
Det skal vere trygt for alle, uansett alder, å gå på fotballkamp. Det er ein av grunnane til at det ikkje er alkohol å få kjøpt på norske banar. Kva da med ei teikning av ein fotballtrenar som heng i ein galge?
Gutta på tur: Ei våt og vindfull fotballferd til Sunnmøre
Det er skrive fleire bøker, både på norsk og andre språk, om hundre ting vi absolutt må gjere før vi går ut av tida. Eg kjenner meg nokså trygg på at det å køyre til Brattvåg på fotballkamp ein bister oktobersøndag, ikkje er nemnt i ei einaste av desse bøkene.
OL-fest og ein pensjonist sine samtalar med hjernen
To skjermar her. Den tredje var opptatt med fotografering av dei to andre. Pensjonistlivet er ei praktisk ordning. Ikkje minst når det er OL. Spesielt vinter-OL har alltid interessert meg. På travle arbeidsdagar opp gjennom åra har det ikkje vore så enkelt å få med seg alt. No er den tida over. Eller rettare sagt: … Les meir av OL-fest og ein pensjonist sine samtalar med hjernen
Den vakraste historia
Idretten gir oss mange vakre historier. Ei av dei vakraste fekk vi søndag 28. mars 2021, da Halvor Egner Granerud kunne løfte krystallkula over hovudet som synleg bevis på at han var vinnar av verdscupen i hopp. Når alt kjem til alt, finst det berre tre idrettar: Skihopping, skihopping og skihopping. Andre greiner er for … Les meir av Den vakraste historia