Når barnet forsvinn saman med badevatnet

Stadig færre ser på lineær TV. Mette og eg høyrer til blant dei. Her i Robinsonmarka ser vi meir og meir på programma når det passar oss, og ikkje på det tidspunktet dei står oppført i programguiden.

Denne endringa i sjåarvanar brukar NRK som argument når dei no har bestemt seg for å legge ned «Eides språksjov». Programsjef i NRK Vest, Kristin Ytre-Arne, seier til nettstaden M24 at «Eides Språksjov» har vore en sjåarsuksess for det lineære publikummet på NRK1, men at «det er en tid for alt. Seervanene er endret, stadig flere velger å se på TV når de selv vil».

Går det ikkje an å sjå «Eides språksjov» i opptak eller på nett-TV, som stort sett alle andre program? For noko tull. Forklaringa er nok ei heilt anna. Som t.d. at vossadialekta ikkje appellerer til dei som skal sjå fjernsyn i framtida.

Den same Ytre-Arne seier til M24 at NRK har «utfordret Linda sammen med Riksavdelingen i Vest til å bruke tid på å utvikle nye programideer for både NRK1 og strømmepublikummet i NRKTV. Det er vi godt i gang med».

Linda Eide tar ikkje utfordringa. Ho sluttar i NRK.

Kva kjem i staden for Eides språksjov? Dersom NRK framleis ønsker å ta ansvar for språket, kan ein kanskje tenke seg ein slags quiz. Eg ser for meg eit program, teksta på SMS-språk og leia av ein breial kjendis med stort sjølvbilde. Her samlar vedkomande eit knippe med kjendisvener frå sin næraste omgangskrets, som så skal raljere over dialektuttrykk frå fjerntliggande utkantar og gjette kva dei betyr.

Den norske kjendiseliten har hamna i ein bane rundt sitt eige ego, og flaksar frå realityprogram til realityprogram. Tidvis er dei også innom ein og annan quiz, der dei blottlegg at dei gjekk på skulen før fråversgrensa vart innført. Eit språkprogram, som primært har til hensikt å drite ut norske dialekter, burde vere midt i blinken. Ver så god, NRK, ideen er gratis.

Rikskringkastinga er den viktigaste mediabedrifta vi har. Likevel verkar det ofte som at statskanalen vaklar i trua på eige oppdrag og eigen identitet. Det er sjølvsagt nødvendig å tilpasse verksemda ei ny tid og nye vanar. Samtidig er det ei dårleg løysing å slå ut barnet med badevatnet. I dette tilfellet fyk den begåva Linda Eide ut av balja i same slengen.

Politisk redaktør i Dagsavisen, Lars West Johnsen, skriv på treffande vis i eiga avis: «… nedleggelsen av «Eides språksjov» er et uttrykk for NRKs manglende forståelse for det større oppdraget, for selve oppgaven, og for et åpenbart ønske om uniformering og strømlinjeforming av de flatene der de kan nå ut til mange. Så opptatt av framtidas seere og vaner at de glemmer de som er her akkurat nå?»

Avgjerda om å legge ned «Eides språksjov» har vekt sterke reaksjonar. Den store tilhengarskaren til språksjovet forstår ikkje at eit så populært program må leggast ned. Det finst jo andre underhaldningsprogram i NRK som har fått halde på i meir enn eit kvart århundre. På sosiale media er det mange som ber NRK om å snu, og la Linda Eide få halde fram med programmet sitt. Bønene har sjølvsagt same effekt som når ein fotballspelar protesterer mot ei sommaravgjerd. Ho blir ikkje omgjort. Ikkje eingong om ho er aldri så borti veggane.

Vi får sjå om NRK tenner på programideen min. Kanskje tar dei med språkprofessoren, liksom for å pynte på feilgrepet?

Kommenter innlegget