Mellom to hytteturar – tankar i den stille veka

Mellom to opphald på hytta nyt eg den stille veka på heimebane. Det vart to overnattingar på Tæla i palmehelga. Langfredag ber det opp igjen. Da blir vi til tysdag etter påske.

Eg festar desse linene til skjermen tysdag i den stille veka. Det har vore ein strålande dag, heilt sikkert også i Trollheimen. Er meteorologane sannspådde, vart dette kanskje den finaste dagen gjennom heile påska 2024. Men verekspertane har tatt feil før. Det er lov å håpe at dei gjer det igjen.

Så ja, eg kunne ha fått ein fin skitur på Tæla, i staden for å sitte framfor PC’en heime. Men etter at eg vart pensjonist, stressar eg ikkje med slike tankar lenger. Eg har god tid. Hyttesesongen er lang, og eg får dei soldagane eg treng i fjellet – både med og utan ski på beina. Det er godt å kunne gle seg over fint ver der ein er, i staden for å irritere seg over at sola skin der ein ikkje er.

Om det ikkje vart fjellet, har eg likevel vore på påsketur i dag. Den gjekk til Molde. Den vakraste byen i fylket er slett ikkje noko dårleg reisemål. Det har skjedd store endringar i Molde sidan eg starta i jobb i avisa i Fylket 12. mars 1984. Byen har utvikla seg enormt, og den vender endeleg ansiktet sitt mot sjøen. Med holmane og romsdalsfjella som kulisse, er sjøfronten ein attraksjon.

Det vart litt småhandel, og ein tur på kafe. Eg likar slike dagar. Det treng ikkje å vere så vidløftig.

Tilbake til det kvite element: Palmehelga gjekk vi opp til hytta på beina. Skiene fekk kvile i bilen til fordel for truger. Vi brukte dei ikkje på tur opp, men tok dei på da vi gjekk ned. På den harde skaren var det lett å gå. Truger er eit genialt alternativ til ski slik føret er no. Det er eitt eller anna med at etter kvart som åra sig på, blir bakkane berre brattare og brattare. I alle fall nedover.

Vergudane bestemmer kor lenge denne skaren skal halde. Da vi forlet hytta måndag etter palmehelga, låg det eit par centimeter tjukt dryss med nysnø over den harde snøen. Skiføret var rett og slett fenomenalt. På heimturen trefte vi fem- seks skiløparar på veg opp. Dei hadde ei flott oppleving i vente.

«Det er godt å kunne gle seg over fint ver der ein er, i staden for å irritere seg over at sola skin der ein ikkje er»

Normalt varer skiføret til langt uti mai oppe på Tæla. Slik blir det neppe i år, om det ikkje kjem eit skikkeleg snøfall i april. På stølen er snødjupna knapt ein halv meter no – langt over meteren mindre enn på same tid i fjor. Eg har aldri opplevd maken. Kjem det mildver og stryk av garde med skarelaget, vil det som ligg under verkeleg få bein å gå på.

Det får bli som det blir med påskeføret, påskeveret og alt det som kjem etter. Vi skal uansett installere oss i Tælastuå langfredag og feire påske. Heldigvis er både eg og Mette slik konstruerte at vi ikkje heng oss så mykje opp i veret. Vi har hatt så mange fine dagar saman i hytta, også når det har regna, snødd og storma.

Som vanleg er det ope hus i Tælastuå første påskedag. Den tida er over da det kom både tretti, førti og femti gjester på denne dagen. Men ei lita hard kjerne med triveleg folk heng att. Vi får sjå kor mange som orkar å ta turen utanfor oppkøyrd løype i år. Kaffen skal i alle fall vere klar i Tælastuå.

Den stille veka er eigentleg perioden frå palmesøndag til påskeaftan. Namnet kjem av at dei i eldre tider ikkje ringte med kyrkjekokkene denne veka og heller ikkje bruka orgel under gudstenestene. I desse dagane skulle folk i størst mogleg grad la arbeidet kvile, og det skulle vere stille både ute og inne.

Ein kan gjere seg så mange tankar i desse dagane før påske. I ei tid der forskjellen på kvardag og høgtid held på å bli viska ut, er vel den stille veka ikkje særleg ulik dei 51 andre vekene i året. Eg er så gammaldags at eg meiner det er synd. Sjølvsagt var ikkje alt betre før. Men noko har vi likevel mista på vegen.

Kva da? Tid og verdiar er mitt svar. Litt diffust, kanskje. Men dei som finn den same gleda som meg i å feire påske på ei veg-, straum- og vasslaus hytte, forstår heilt sikkert kva eg meiner.

2 tankar på “Mellom to hytteturar – tankar i den stille veka

  1. God påske med gode ord til ettertanke! Med god tid og gode verdiar treng det ikkje vera så vidløftig dette livet.

    Likar

Kommenter innlegget