Eventyrleg oppussing (4): Ei høyløe, snart halvvegs og ymse anna

Ei gammal høyløe. Ei til ligg litt skjult i skogen til venstre. Plutseleg var halvparten av opphaldet her på Røros unnagjort. I alle fall nesten. Laurdag klemte eg inn ein svipptur over riksgrensa mellom frokost og middag. Det vart ei flott utflukt i eit eventyrleg vinterlandskap. På tilbaketuren tok eg meg tid til å køyre … Les meir av Eventyrleg oppussing (4): Ei høyløe, snart halvvegs og ymse anna

Eventyrleg oppussing (3): Friminutt i storslått natur

Frå gruvefeltet Storwartz. Programmet er ikkje strengare her på Unicare, enn at det blir tid til litt eigenaktivitet. Onsdag ettermiddag innvilga eg meg ein liten biltur. Den hadde to formål: For det første var det viktig å starte opp bilen, som ikkje er vand med temperaturar under 20 kuldegrader. Nedsnødd var den også. I tillegg … Les meir av Eventyrleg oppussing (3): Friminutt i storslått natur

Eventyrleg oppussing (2): Helg i bobla

Som eit prospektkort. Den første veka av den eventyrlege oppussinga er allereie unnagjort. Det er stille søndag på Unicare Røros. Mange er heime på helgeperm. Vi som er her, disponerer tida som vi vil. Opprinneleg plan var å ta ein skitur denne søndagen. Men veret er ikkje det aller beste. Dessutan er det mykje sport … Les meir av Eventyrleg oppussing (2): Helg i bobla

Eventyrleg oppussing (1): Inn i treningsrommet

Eit nytt bekjentskap. Tredemølle, styrketrening og romaskin. Plutseleg vart det mykje nytt å forhalde seg til for eit gammalt hovud og ein ditto skrott. Den eventyrlege oppussinga på Unicare Røros er i gang. Om plassen er det ikkje anna å seie enn at dette er eit fantastisk anlegg. Institusjonspreget er fullstendig fråverande. Dei tilsette er … Les meir av Eventyrleg oppussing (1): Inn i treningsrommet