Det er torsdag 22. januar. Melding om ny oppdatering på mobiltelefonen. Du treng 10 GB ledig plass for å få gjennomført oppdateringa, er den brutale beskjeden.
Du treng ei fyrlykt frå Bud, Donald
Rundt om i Bud er det også sett opp fyrlykter. Dei er eit fint trivselsinnslag, ikkje minst i den mørke årstida. Lyktene gjer det vakre Buaværet enda meir triveleg.
Langrenns-NM utan status – stjernene må kome seg på jobb
Eg registrerer at NRK1 sender frå langrenns-NM i Steinkjer. Dessverre har norgesmeisterskapet ikkje lenger nokon status. Det har vorte eit B-løp. Anten blir dei beste løparane tilfeldigvis sjuke når NM nærmar seg, eller så skal dei lade opp til oppgåver som er viktigare.
Fredrik Solvang har abdisert, men verda går vidare
Fredrik Solvang er ute etter mange år som programleiar i «Debatten». Erstattarar vart Åsa Vartdal og Espen Aas, begge med solid erfaring og tung fagleg ballast. Torsdag denne veka hadde dei to premiere. Var den nye utgåva av «Debatten» betre eller dårlegare enn den gamle? Eg ser i aviser og på sosiale media at meiningane … Les meir av Fredrik Solvang har abdisert, men verda går vidare
Eit nokså internt nyttårsintervju om laust og fast
Høfleg som eg alltid er, greide eg ikkje å stå imot invitasjonen til eit nyttårsintervju med meg sjølv i år heller. Å stille til intervju kan vere ei risikabel øving. Journalistar på si evige jakt etter klikk er jo ikkje alltid å lite på.
Eg er tilhengar av monarkiet – av prinsipp
Heller ikkje i år greide TV-programmet «Året med kongefamilien» å gjere meg til republikanar. Tvert om. Eg vart berre enda meir overbevist om at monarki er den styreforma som tener oss best.
Ventetid
Vente på flyet. Vente på at ventetida skal ta slutt.
Fire trenarar og eit førti år langt eventyr
Eg er vel strengt tatt ikkje så veldig handballinteressert til vanleg. Men i eit par adventsveker kvart år er det lite som slår handball. Norge sluttar aldri å vinne. Og eg sluttar aldri å la meg imponere.
Herrelangrenn på sotteseng
Eg har ei ekkel kjensle av at forholdet mellom meg og langrennssporten syng på siste verset. I alle fall når det gjeld herrelangrenn.
Urolege tider – men gamle travarar sviktar ikkje
Krig, kommunal armod og netthets – det er mykje trist og destruktivt rundt oss. Da er det ikkje desto mindre triveleg å kunne bidra med noko som dreg i positiv retning.