Mobiltelefonen og den heile develsmakt

Ein gong i veka, det er vel måndag morgon, får eg opp ei melding på telefonen min om kor mykje skjermtid eg har hatt siste veka. Til å begynne med trudde eg at desse tala var berre tull. Det kunne da verkeleg ikkje vere så ille. No innser eg at telefonen ikkje lyg.

Det er mykje fokus på born og ungdom sin skjermbruk. Sanninga er at vi vaksne ikkje ligg så langt etter. Ein tredel av den vaksne befolkninga brukar ein eller annan digital skjerm mellom fire og seks timar kvar dag. Etter kvart som dagens born og unge veks til, kjem andelen vaksne skjermslavar til å auke kraftig. I VG las eg for ei stund sidan at ein unge født i dagens Norge vil bruke 11 år av livet sitt på mobilen. 11 år – det høyrest fullstendig vilt ut.

No vil kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun ha mobiltelefonen ut av klasseromma i både grunnskulen og vidaregåande. Sjølv om mobilen ikkje har all skulda for at det står så dårleg til med norske elevar sitt kunnskapsnivå, er det all grunn til å heie på forslaget. Statsråden peikar på forskingsresultat, som viser at tilgang på mobil for mange fører til dårlegare konsentrasjon og læring, og bidrar til eit dårlegare skulemiljø.

Men tilbake til desse hersens måndagsrapportane, som altså er svært nedslåande. Korleis hamna eg der? Eg kjøpte min første iPhone med det same denne nyvinninga kom i 2007. Tiltrekt av duppedittar som eg alltid har vore, kunne det vel ikkje gå anna enn gale. Jobben som redaktør fungerte som bensin på bålet. Smarttelefonen vart ein reiskap til å halde seg oppdatert nær sagt frå minutt til minutt, til alle tider av døgnet. Eg greip freistinga med begge hender, og betalte med å gå inn i pensjonisttilværet med ein yrkesskade som truleg vil prege meg resten av livet.

Eg har likevel ikkje gitt opp å redusere skjermtida. Ja, eg snakkar om å redusere, ikkje fjerne. Men det gjeld altså å bruke vettet. Det har eg tenkt å begynne med no. På høg tid for ein som er mykje nærmare sytti enn seksti, vil nokon kanskje seie.

«Eg greip freistinga med begge hender, og betalte med å gå inn i pensjonisttilværet med ein yrkesskade som truleg vil prege meg resten av livet»

Vi får sjå korleis det går. Det gjeld vel her, som på så mange andre område, å starte i det små. Eg ser for meg at neste gong det blir stopp i eit hopprenn på grunn av vind, skal eg la telefonen ligge i staden for å sjekke om det er noko nytt. Likeeins når fotballspelarar ligg nede og vrir seg i innbilt smerte. Da skal også mobilen få vere i fred. Og kva skal eg no slutte med når eg køyrer bil og det plingar i mobiltelefonen? Eg skal la vere å svinge til sides ved neste busstopp for å sjekke kva som står på. For det er jo som regel ingenting. I alle fall ikkje noko som er så viktig at det krev omgåande handling eller respons frå ein pensjonist.

Den digitale tidsalderen er berre i startgropa. Ettertida vil heilt sikkert vise at vår tids kunnskap om korleis alle desse nye hjelpemidla verkar på mennesket, var svært mangelfull. Den danske forfattaren og medieanalytikaren Camilla Mehlsen har spesialisert seg på å forstå korleis unge menneske blir påverka av digital teknologi og sosiale meda. Konklusjonane hennar er eigna til å vekke ettertanke. I ei bok skriv ho m.a.: «Når vi ser tilbake på denne tidsepoken, tror jeg det blir litt som når du ser på bilder fra fortiden med barn som sitter uten bilbelte i bilen, eller med barnehagelærere som røyker i barnehagen. Vi kommer til å føle det samme ubehaget, når vi ser bilder av barn som sitter på sykkelsetet med smarttelefoner, i barnevognen med iPad eller stirrer på smarttelefoner i skolegården».

Uansett, vi har meir enn nok kunnskap til å sette ned foten, og tenke over vårt eige forhold til dei digitale freistingane som fyller kvardagen. Eg tør ikkje tenke på kor mange fleire bøker eg kunne ha lese i løpet av eit år, om eg bytta ut ein del av den formålslause skrollinga og maniske sjekkinga til fordel for lesing. Mobilen er ein formidabel tidstjuv.

Kanskje vil meir kunnskap etter kvart gi både unge og eldre eit sunnare forhold til den digitale verda.

For eigen del har eg tenkt å sette meg nokre nye mål, formulert gjennom ei lita omskriving av ei strofe i Jakob Sande sitt dikt «Etter ein rangel»: «Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg, som sagt, taka striden upp mot mobiltelefonen og den heile develsmakt».

Under stor tvil utelet eg dei kjende orda til ranglefanten i diktet: «Trur eg».

Store delar av dette blogginnlegget er tidlegare publisert under spalten Yttersving i Aura Avis.

Kommenter innlegget