Gå til innhald
Ukjend's avatar

FINTENKJARPLASSEN

Lars Steinar Ansnes

  • Home
  • Kontakt

Myrullår i emning

Mange stader var 2016 eit myrullår utanom det vanlege. Det er mykje kvitt å sjå i år også, i alle fall her ute ved Hustadvika. På rabbar og myrer lyser det skinande kvitt. Myrulla er ei beskjeden plante. Ho har ikkje så mykje prakt å briske seg med. Men når myrulla løftar i flokk, blir … Les meir av Myrullår i emning →

Lars Steinar Ansnes Natur, Natur Kommenter innlegget 7. juni 2020 1 Minute

Alt blir bra igjen

Mailaurdag på Tæla. Sju månader har gått sidan eg sist overnatta i Tælastuå. Det er ein rekord eg gjerne skulle ha vore forutan. Men slik vart det i år. Korona, hytteforbod og så veke etter veke med umulege ver- og føreforhold tok heile første del av hyttesesongen. No har eg og Mette bestemt oss for … Les meir av Alt blir bra igjen →

Lars Steinar Ansnes Korona Kommenter innlegget 17. mai 2020 1 Minute

Så tek livet ei ny retning…

Tæla er ein viktig del av draumen om eit godt pensjonistliv. Eg skal bli pensjonist. Det er rart å skrive setninga. Men no er avgjerda tatt. Eit 43 år langt kappløp med klokka nærmar seg slutten. Etter at eg fylte 62 år for eit par år sidan, har eg visst at eg kunne pensjonere meg … Les meir av Så tek livet ei ny retning… →

Lars Steinar Ansnes Tankar Kommenter innlegget 2. mai 2020 2 Minutes

Heimepåske dag 5

Borti Bollknubben er det mykje rart å sjå. Vinteren har gløymt att kvite kyr i fjellet,der beiter dei i grøne hall.Men vårsoli og graset er for sterke,dei magrast for kvar dag. Desse orda tilhøyrer lyrikaren Olav H. Hauge, og utgjer heile diktet «Vinteren har gløymt att». Eg fann diktet da eg sat og las i … Les meir av Heimepåske dag 5 →

Lars Steinar Ansnes Påske, Ukategorisert Kommenter innlegget 13. april 2020 1 Minute

Heimepåske dag 4

Eg forstår at vergudane bestemte seg for å sjå i nåde til oss som er ramma av hytteforbodet. Men no blir det nesten for mykje av det gode. Makan til verpåske veit eg ikkje om eg har opplevd. Det snør her ute i havgapet no i kveld. Ja, det snør visst overalt i fylket vårt. … Les meir av Heimepåske dag 4 →

Lars Steinar Ansnes Påske 1 kommentar 12. april 202012. april 2020 1 Minute

Heimepåske dag 3

Eksperimentet heimepåske held fram på tredje dagen. Sidan det skjer lite oppsiktsvekkande å skrive om frå denne rare notida, tenkte eg det kunne passe å bruke dagens epistel til å mimre om tider som var. Eg sat nyleg og bladde i nokre gamle album. Der dukka bilde frå påska 1967 opp. Rett nok står det … Les meir av Heimepåske dag 3 →

Lars Steinar Ansnes Påske 2 kommentarar 11. april 202011. april 2020 2 Minutes

Heimepåske dag 2

Svensk koronaekspertise på skjermen. Vind og regn, ein rygg som kranglar og koronanyheiter som rullar over skjermen i ein uendeleg straum. Ein får ta den langfredagen ein får. Sjølv om det ikkje akkurat er feststemning som rår i skolten - no er langfredag heller ingen festdag - så går eigentleg eksperimentet med heimepåske ganske bra. … Les meir av Heimepåske dag 2 →

Lars Steinar Ansnes Påske 3 kommentarar 10. april 2020 1 Minute

Heimepåske dag 1

Utsyn frå Sæterlia mot Nordviksula skjærtorsdag. Eg vart brått og uventa kasta ut i eit eksperiment. For første gong sidan 1992 skal eg feire påske på heimleg grunn. Eg veit ikkje heilt korleis denne nye situasjonen skal handterast, men er likevel optimist. Skjærtorsdagen har for så vidt gått greit. Det som på papiret skulle vere … Les meir av Heimepåske dag 1 →

Lars Steinar Ansnes Påske, Ukategorisert 4 kommentarar 9. april 20209. april 2020 2 Minutes

Påskehelga vi ikkje fekk

Påskestemning på Tæla. Det blir ikkje påske på Tæla i år. Eg skal innrømme at det tok litt tid å venne seg til tanken. Men no er alt greitt. Vedtaket om at vi som har hytte utanfor bustadskommunen må halde oss heime er lett å forstå. Ingenting er viktigare enn kampen mot koronaviruset. Verda er … Les meir av Påskehelga vi ikkje fekk →

Lars Steinar Ansnes Hytteliv 3 kommentarar 26. mars 202027. mars 2020 5 Minutes

Tankar i ei rar tid – og ein dose med gratis koronamedisin

Det er stille søndag i ei rar tid. Så å seie over natta måtte vi innsjå at den trygge og vante kvardagen gjekk over i noko som ingen nordmenn i nyare tid har opplevd. Plutseleg vart det einaste sikre at alt er usikkert. For eigen del kan eg konstatere at turen til Vikersund denne helga … Les meir av Tankar i ei rar tid – og ein dose med gratis koronamedisin →

Lars Steinar Ansnes Korona 1 kommentar 15. mars 2020 2 Minutes

Innleggsnavigasjon

Eldre innlegg
Nyare innlegg

Dei siste innlegga

  • Finst det ei framtid for langrenn? 17. april 2026
  • Døgnopen skjenking under VM- eit populistisk mageplask 21. mars 2026
  • Så bekmørkt har det aldri vore 7. mars 2026
  • Dette var ein dårleg ide 24. februar 2026

Ønsker du å kjøpe boka «Tankar og tekster frå Fintenkjarplassen», så ta kontakt på tlf. 90762625 eller e-post lsansnes@gmail.com

Søk i kategoriar på Fintenkjarplassen

Emner på Fintenkjarplassen

Advent Aura Avis Avis Barndom Bergstaden Bud Desember Ferie Fintenkjarplassen Fjellet Fly Fotball Friluftsliv Gaza Haust Helse Hustadvika Hytteliv Jazz Jonas Gahr Støre Journalistikk Jul Julefeiring Julehefte Julestri Juletradisjon Klima Korona Kreta Krig Kultur Kvennbø Langrenn Media Mobiltelefon Molde Musikk Natur Netanyahu NM NRK Nyttår OL Oppvekst Pensjonistliv Politikk Putin Påske Radio Rehabilitering Reise Reiseliv Røros Ski Ski-VM Skihopp Skihopping Skisport Skøyter Snø Sommar Sport Språk Surnadal Trollheimen Trump TV Tæla Tælastuå Ukraina Unicare Vinter vinteridrett VM Vår
Blogg på WordPress.com.
FINTENKJARPLASSEN
Blogg på WordPress.com.
  • Abonner Abbonert
    • FINTENKJARPLASSEN
    • Already have a WordPress.com account? Log in now.
    • FINTENKJARPLASSEN
    • Abonner Abbonert
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter innhaldet
    • Vis nettstaden i Reader
    • Handsam abonnementa mine
    • Fald saman denne visingsruta

Lastar kommentarar …