Påskehelga vi ikkje fekk

Påskestemning på Tæla.

Det blir ikkje påske på Tæla i år. Eg skal innrømme at det tok litt tid å venne seg til tanken. Men no er alt greitt. Vedtaket om at vi som har hytte utanfor bustadskommunen må halde oss heime er lett å forstå. Ingenting er viktigare enn kampen mot koronaviruset. Verda er inne i ei gigantisk krise, som vi alle, kvar og ein, er ein del av.

Når koronaviruset no tek frå oss påska i Tælastuå, som for mitt vedkomande skulle ha vore den 28. på rad, er minna om tidlegare påsker gode å ty til. Det har vore utruleg mykje kos og fine opplevingar.

I ein heilt spesiell glans står den første påska. Heilt frå gutedagane hadde eg drøymt om å få feire påske i eiga hytte på Tæla. I 1993 vart draumen oppfylt. Når eg blar i albumet, ser eg at høgtida var akkurat slik eg hugsar ho: Sola skein frå skyfri himmel i fem dagar til endes. Restaureringa av hytta var på langt nær ferdig den gongen. Men for oss som residerte i Tælastuå var det luksus og eventyr frå ei anna verd.

Kva meir kan ein forlange?
Påskefullmåne over Tæla.

Seinare har det vel av og til vore så ymse med veret. Men i det store og heile meiner eg bestemt at godversdagane er i fleirtal. Og kva gjer det forresten om vergudane slår seg vrange ein dag eller tre når ein oppheld seg i eit slik fjellparadis?

Mette finn alltid tid til å strikke – også på hytta.

Da eg var gutunge myldra det av skiløparar i alle aldrar oppe på Tæla i påskehelga. Folk visste knapt kva oppkøyrde løyper var, og skiturar var ein obligatorisk del av påskeprogrammet for dei aller fleste. I dag er det annleis. I tillegg til oss i Tælastuå og hyttenabo Bjarne er det snart berre det ein kan kalle ein hard kjerne som brukar Tæla. Folket i Trettå sørger for ei viss rekruttering av fjellfolk. Men det hindrar dessverre ikkje at snittalderen på dei som fer forbi stig.

Settlers er ein av dei store spelklassikarane oppe på Tæla. Vinnarinstinktet til idrettsmannen Eirik er det ikkje så enkelt å bryne seg på.

Sidan 2004 har vi i Tælastuå invitert til eit sosialt treff 1. påskedag. Dei første åra gjekk deltakarne ei løype på idealtid, men på grunn av den nemnde snittalderen har aktiviteten dei siste åra vore avgrensa til kaffelag – samt spretthopprenn for dei dumdristige. Desse dagane, med stua eller terrassen fylt med trivelege gjestar, er eit høgdepunkt i påska. I fjor var vi svært få grunna veret. Rekorden vart sett i 2005, da over femti påsketuristar tok turen til Tælastuå.

Stølen var full av folk 1. påskedag 2005.
I 2017 feira vertinna rund dag påskedagen. Mange var med på feiringa.
Ole Johan (t.v.), her saman med Oddvar, hadde med to geiter til fjells 1. påskedag 2018. Skaren bar både tobeinte og firbeinte.
Sigbjørn er kongen av spretthopp.
Eirik demonstrerer resultatet av altfor sein sats.

Når ein sit ved tastaturet og mimrar, er det mange minne som dukkar opp. Ei spesiell hending skjedde vinteren 2008, da elvaisen tok gangbrua oppe på Hyllbakkan. Det låg an til tunge skiturar på yttersida av elva, men ein gjeng kreative og dyktige karar redda situasjonen. Rett før påske fekk dei ei provisorisk bru på plass, slik at vi kom oss over elva som før. Brua vart ståande fram til hausten 2009, da ei ny permanent bru vart montert.

Den provisoriske brua gjorde nytte for seg i nesten to hyttesesongar. Det gjaldt å halde seg fast å ikkje ha is under skoa når ein gjekk over.

Gjennom mange år har det vore både tunge og lette turar på vekslande skiføre opp liene. To skiturar eg aldri gløymer er da vi installerte oss til påske i 2012, som også var Mette si første.

Det kom utruleg mykje snø i dagane etter palmehelga. Tysdagen sendte eg ein sms til Lars Gudmund, der eg spurte omtrent som dette? «Har det kome ein eller to meter snø?» «Ein og ein halv», var svaret.

Da eg tok laust opp liene onsdagskvelden før skjærtorsdag, skulle det fort vise seg at Lars Gudmund ikkje hadde teke for hardt i. Snøen gjekk til langt opp på låra, og det vart ein strabasiøs tur på heile tre timar. Drikkeflaska forsvann i djupsnøen allereie etter nokre få hundre meter. Den fann eg att i mai. Dagen etter skulle Mette kome. Dermed måtte eg ned for å møte henne. Enda meir snø i løpet av natta hadde fjerna alle skispor. Det vart ein ny tretimars tur opp til hytta – denne dagen til overmål i regn. Men buaværingen klaga ikkje. Tvert om.

For eigen del må eg berre slå fast at eg aldri har opplevd maken til skiturar, verken før eller sidan.

Mette feira si første påske på Tæla i 2012.

Scooter frå Kvennbø-sida til Tæla er ikkje å tenkje på. Det har difor vore frakta mange tunge ryggsekkbører opp til hytta gjennom åra. Frå 2009 skjedde eit stort framsteg, da vi begynte å leie scootertransport frå Nordviksetra. Gunnar heiter køyrekaren, som i tillegg til å frakte proviant og ved også er ein altmulegmann som får til det meste. Treng du ein hoggestabbe, ordnar han det. Og er det snakk om ein ny sofa, leverer han møbelet etter spesialmål ferdig montert!

Første kveld på hytta i mars 2018. Scootertransporten er vel gjennomført.

Nokre år har vi vore berre to i hytta, andre påsker langt fleire. I 2010 kunne vi markere ein milepel, da ein ny generasjon feira påske i Tælastuå. Vesle Daniel var berre eitt og trekvart år, men likte seg allereie da godt på Tæla. Seinare har det vorte fleire turar. Så må vi berre leve med at den som var planlagt i år gjekk i vasken. Det kjem påsker etter dette, både for store og små!

For ein liten kar var det spennande å blåse ut talglys.
Daniel prøver skiene på Tæla for første gong.
Påska 2011 gjekk eg og svigerson Tom til Botnfjellet. Ein fenomenalt fin tur med perfekt ver og føre. Frå Botnfjellet har ein vakkert utsyn over dal, fjell og tæl. Dette biletet får stå som representant for alle dei flotte turane som vi har fylt påskehøgtidene med gjennom 27 år.

Så blir det påske i låglandet i år. Heilt ute ved havet, til og med. Vi skal greie oss godt, det er det ingen fare med. Så får ein berre håpe at kampen mot viruset snart tek slutt. Eg har alltid kosa meg med skihelgene etter påske, ofte til ut i mai, men innser vel at sjansen for å få oppleve dette i år er heller liten.

Spekemat og det som høyrer til står alltid på menyen når vi kjem opp på hytta fredagskveldane. Ein fin tradisjon, som vi ser fram til å få ta opp igjen.

Men ein gong skal alt bli som før. Om ein månad? Om tre? Om fem? Ingen veit. Vi må berre leve i håpet. Og håpet har ingen uttrykt vakrare enn Hans Hyldbakk i diktet Vårsøg:

Når sommar’n kjem, da bli de fint e fjellå
Da ska e dit å hør kår bekkjinn søng
å kliv te topps e brattast berjestellå
å vea gras å tort å tågberløng

Vår på stølen. Biletet er frå 2006.

3 tankar på “Påskehelga vi ikkje fekk

Kommenter innlegget