Ei helg som eremitt


Tæla med haustkåpa på. Tælastuå midt på bildet.

Det vart Tæla-tur denne helga også. Frå fredag kveld til søndag hadde eg det haustkledde landskapet for meg sjølv.

Det er noko særeigent med å vandre opp liene ein haustkveld, og til slutt skimte hytta som ligg og ventar i mørket. Denne gongen fekk eg i tillegg med meg både skybrot og hagl på turen. Men vel framme på Tæla var slike strabaser gløymde. Eg fekk henta vatn, fyrt opp i omnen og installert meg på tradisjonelt vis. Raskt senka roen seg over både hytte og eremitt.

For meg er dette kvalitetstid av fremste merke. Materielt sett eit primitivt liv, ja. Men eg er altså konstruert slik at når eg sit for meg sjølv i svarte haustkvelden på hytta, langt frå folk, så kjenner eg på ein fred og rikdom som ikkje finst andre stadar.

Dei fleste hyttehelgene gjennom året er vi to. Det er fantastisk å ha nokon å dele hyttelivet og naturopplevingane med. Men så er vi samstundes samde om at det berre er sunt å gje kvarandre eit friminutt av og til. Eg har mitt. Mette har sitt.

Veret gjorde at det vart mykje inneliv denne helga. Men laurdag ettermiddag vart det heldigvis ein lengre opphaldsperiode, og eg fekk ta meg ein tur opp til Fintenkjarplassen. Stien oppover blir meir og meir tydeleg, og nye namn dukkar stadig opp i boka som eg bar opp her i vår. Det er artig å sjå.

Haustfargene er på sitt mest prektige akkurat på denne tida, noko eg håpar dei tre bilda som ligg ved vil vise. Men snart er det oktober, og det betyr at om ikkje lenge blir landskapet farga kvitt. Difor gjeld det å ta vare dei flotte hauststundene som fjellet gjev.

Neste helg blir det hyttetur igjen. Og da er vi dobbelt så mange i Tælastuå.


Kvenndalen sett frå Fintenkjarplassen. Litt grått denne helga, men haustfargene er likevel fine.


Haust på hyttetaket.

2 tankar på “Ei helg som eremitt

Legg att svar til MammaBoka Avbryt svar