Natur og nyheiter


Utsikt frå Kleive mot Kortgarden og Skåla. Skåla (1128 moh), som ein kan sjå frå m.a. Fossafjellet, er det høgste fjellet i Molde kommune.

Kvar dag køyrer eg til saman 20 mil for å kome til og frå arbeid. Det blir over tretten timar i bilen kvar veke.

Mange spør meg korleis eg kan orke dette. Eg forstår spørsmålet. Men samstundes veit eg: Dei som spør er ikkje klar over kva dei går glipp av.

Forutan Mette, den beste som finst, er dei viktigaste grunnane til at eg held på med dette følgjande:

For det første: Eg trivst med å køyre bil. Det er utruleg avslappande. På turen frå Elnesvågen til Sunndalsøra om morgonen får eg lada batteria og førebudd arbeidsdagen. På veg heim om ettermiddagen har eg god tid til å sortere tankar og rydde i øvste etasjen.

For det andre: Dei lange bilturane gjev tid og ro til å halde seg oppdatert. I min jobb er vel det strengt tatt ikkje så dumt. Radioen er eit fantastisk nyheitsmedium. Nyheitsmorgon på P2, saman med lokale nyheiter frå NRK Møre og Romsdal, er min faste kombinasjon. Kvart på åtte går Politisk kvarter på P2. Det er eit av dagens høgdepunkt. Og passar det slik med klokka, får eg også med meg ein andakt før eg parkerar på Sunndalsøra.

Heimturen byr forutan lokalnytt på Her og nå og Dagsnytt atten. Sistnemnte rekk eg (heldigvis) berre delar av. Er det spesielt interessante saker oppe til debatt, går det an å fortsette ved radioen eller TV-apparatet i stua.

For det tredje: Desse daglege køyreturane byr på så mange flotte naturopplevingar – året rundt. Det startar mellom fjord og fjell her ute i Fræna. Så følgjer etter kvart tjue minutt langs Fannefjorden, der det akkurat på denne tida av året er eit heilt spesielt morgonlys. Etter å ha passert Gussiåsen kjem eg til tre vatn; Skjørsetervatnet, Gammelsetervatnet og Kvamlivatnet. Du verden kor fint det er her!

Frå Tjellekleiva og innover mot Rød er det panoramautsikt mot romsdalske fjell på andre sida av fjorden. Eit flott syn, som fleire gongar har fått meg til å stoppe opp og verkeleg sjå.

Etter Eidsvågen dukkar Sunndalsfjorden opp. Turen frå Eidsøra til Øksendalen byr på mykje mektig natur. Einaste minus er attgroinga, som mange stadar tek bort sikten.

Sjølv om turen heim går i same landskap, blir opplevinga annleis når ein køyrer i motsett retning. Om vinteren er det tidleg mørkt, og ikkje så mykje å sjå. Men særleg vår og haust er turane utover mot Romsdalen fascinerande.

Ved sida av naturen er det også mykje anna å observere. Heile turen blir som eit rituale. På Toven ser eg t.d dei fleste dagane ei eldre dame på veg til postkassen for å hente avisa. Eg ser att dei same bilane, kjenner registreringsnummera og veit kvar dei skal. Er det nokon som tek seg for god tid, kan eg vegen så godt at et veit nøyaktig kvar det går an å køyre forbi. Menneska som hastar til jobben etter gangvegen i Eidsvågen er dei same, dag etter dag. Eg er ikkje på hels med nokon av dei. Men sidan eg kjenner att dei, kan jo også det omvendte vere tilfelle.

Tretten timar er mykje. Men ingen av dei er kjedelege. Det er utruleg kor fort tida går om ein har med seg augene.

 

 

Kommenter innlegget