Jul kvar sjette dag – ein forbruksfest utan bærekraft

Jula varer ikkje heilt til påske. Det som derimot er eit faktum, er at ho startar mykje tidlegare enn før.

Eg har med sjølvsyn registrert at det faktisk finst dei som pyntar juletreet i stua allereie i slutten av november. Kva folk gjer innafor sine eigne fire veggar er sjølvsagt ei privatsak. Men etter min smak er dette å starte på jula vel tidleg.

Handelsstanden driv det enda lenger. Julelys i starten av november. Julemarsipan og julebrus i butikkane i oktober. Kva er igjen av stas og forventning når kalenderen endeleg viser desember? Vi står i fare for å slite ut høgtida.

Eg veit at handelsstanden har sine grunnar for å skyve på jula. Julehandelen betyr mykje – for mange kanskje alt – og det har eg respekt for. Så lenge kjøpelysten er der, er det sjølvsagt viktig å smi medan jarnet er varmt.

Prognoser frå Hovedorganisasjonen Virke fortel at vi nordmenn vil bruke 133 milliardar kroner på julehandel i år. Det er ein auke på tre prosent frå i fjor. Kvar og ein av oss kjem i snitt til å bruke rundt 12.500 kroner på julegåver, mat og drikke. Virke meiner at julehandelen vil fordele seg med 64,2 milliardar kroner i november og 69 milliardar kroner i desember.

Eg tykkjer ikkje noko om utviklinga. For det første har jula vorte ein gedigen forbruksfest, utan bærekraft. I tillegg burde både dei som skal selje og vi som kjem med lommeboka, ha tolt at den kommersielle jula ikkje startar før advent. Når julelysa kjem opp seks veker før jul og ikke blir tatt ned før ei veke eller to ut på nyåret, blir det jul i to månadar. Det er vel dette vi før i tida litt foraktelag kalla «amerikanske tilstandar.» No har tilstandane blitt dei same her i Norge.

To månadar. I snitt jul kvar sjette dag året rundt. Det er i meste laget.

Kommenter innlegget