Nyheitsbildet 18. november. Dagane kan vere tungsame for tida. Sjølv for den som i utgangspunktet har lite å klage over her i livet, som underteikna, går det an å kjenne at denne pandemien syg energi og livsglede ut av kroppen. Viruset slo til for alvor i mars her til lands. Lite visste vi dei første … Les meir av Aldri fred å få for viruset
Ei veke med absurd teater
Donald Trump gjev ikkje opp kampen om presidentmakta, sjølv lenge etter at valet er avgjort. (Faksimile frå Dagbladet) Som nybaka pensjonist har eg hatt god til til å følgje med på presidentvalet i USA – både dag og natt. Det vart ei veke med absurd teater. Mykje er sagt om Donald Trump. Konklusjonen min er … Les meir av Ei veke med absurd teater
I svarte oktoberkvelden
Vinterleg oktober på Tæla. 6-7 centimeter med snø. 2,9 grader ute og 1,1 inne. Slik møtte Tæla meg i dag. Her oppe har vi ikkje «ring hytta varm». Og ikkje saknar eg slike avanserte installasjonar heller. For ingenting er betre enn å kome fram til Tæla i skyminga etter ein god marsj opp liene, fylle … Les meir av I svarte oktoberkvelden
Kan ei kvige partere ein divan?
Ein fin dag, sjøl om opphaldet på hytta ikkje starta heilt som eg hadde venta. Spørsmålet kom kanskje litt bardus på deg, kjære lesar. Uansett: Svaret er ja. Det har seg slik at vi dei siste åra har hatt ein gammal divan liggande under hytteverandaen. Den skulle ha vore brent for lenge sidan. Men du … Les meir av Kan ei kvige partere ein divan?
Sydenturen vart til ei veke på fjellet
Hyttekos på ein regnfull dag. Om fire dagar skulle vi ha vore på flyet til Kreta. Slik blir det ikkje. Koronaviruset har tatt kommandoen over liva våre. Så i staden sit vi no i hytta på Tæla. Her skal vi vere i åtte dagar. Det er vemodig å ikkje få treffe gode vener - både … Les meir av Sydenturen vart til ei veke på fjellet
Luksus i julikvelden
Livet smiler framleis til eremitten i Tælastuå. Klokka er over ti, og eg feirar Bodø/Glimt sitt poengtap mot Stabæk med ein utsøkt skvett Kveik IPA. Ikkje det at eg ønskjer dette sympatiske laget frå nord noko vondt. Tvert om. Men det finst grenser for alt. Dei må gjerne ta sølv - bak Molde. Det vart … Les meir av Luksus i julikvelden
Så kom regnet – men kva gjer vel det?
Vått og grått. Eg har montert meg i døropninga på hytta. Utanfor silar regnet ned, akkompagnert av ein torsmell i ny og ne. Før regnet kom fekk eg saga ned nokre vedstrangar. Dermed kan eg sitte her og filosofere med relativt godt samvit. Julidag i fjellet. Aleinedag. Ferien nærmar seg slutten. I tre døgn har … Les meir av Så kom regnet – men kva gjer vel det?
Sola, Hesteknatten og havet
«Jeg har ikke settkunstskattene i Eremitasjeneller Vinterpalasset i Leningrad,ikke Louvre-samlingene, ikkeMusée d’Art Moderne i Paris,men jeg har sett sola gå nedover Hesteknatten.» Orda tilhøyrer Hans Børli, og er henta frå diktet «Hymne til solnedgangen». Børli elska naturen, og eg tvilar ikkje på at han sette solnedgangen over Hesteknatten framfor alt anna gjevt og kjent som … Les meir av Sola, Hesteknatten og havet
Naturen sitt eige sakte-TV
Sein sommar på stølen Sol, meir enn tjue varmegrader og ein austavind som smyg seg over landskapet. Snøen lever farleg på Tæla. Vinteren var standhaftig her oppe i år. Men no er det slutt. Frå solveggen på verandaen kan vi sjå korleis berrflekkar og rabbar skiftar fasong frå time til time. Det er naturen sitt … Les meir av Naturen sitt eige sakte-TV
Myrullår i emning
Mange stader var 2016 eit myrullår utanom det vanlege. Det er mykje kvitt å sjå i år også, i alle fall her ute ved Hustadvika. På rabbar og myrer lyser det skinande kvitt. Myrulla er ei beskjeden plante. Ho har ikkje så mykje prakt å briske seg med. Men når myrulla løftar i flokk, blir … Les meir av Myrullår i emning