Sola, Hesteknatten og havet

«Jeg har ikke sett
kunstskattene i Eremitasjen
eller Vinterpalasset i Leningrad,
ikke Louvre-samlingene, ikke
Musée d’Art Moderne i Paris,
men jeg har sett sola gå ned
over Hesteknatten.»

Orda tilhøyrer Hans Børli, og er henta frå diktet «Hymne til solnedgangen». Børli elska naturen, og eg tvilar ikkje på at han sette solnedgangen over Hesteknatten framfor alt anna gjevt og kjent som finst ute i den store verda. Eg veit ikkje akkurat kvar Hesteknatten er, anna enn at det heilt sikkert er ein topp som betydde noko spesielt for diktaren i hans naturunivers.

Folk let seg tiltrekke av solnedgangar. På Facebook fløymer det over av meir eller mindre vellukka bilde av sola som går ned. Dei fleste er tekne ved sjøen, og på mange er horisonten veldig skeiv. Men det siste spelar eigentleg ingen rolle. Sola trillar ikkje ut av bilderamma. Naturopplevinga og gleda over å ta eit bilde som ein er nøgd med, er viktigare enn kvaliteten.

Her ute i Bud går ikkje sola ned over Hesteknatten. Ho sig i havet bak ein horisont, som på sitt vakraste byr på farger og fargespel som overgår alt som finst av menneskeskapte kunstverk. Siste laurdagen i juni fekk vi naturen sin eigen kunst rett i fanget, da vi ut på kvelden gjekk ned på berga for å kjenne på kroppen det som såg ut til å kunne bli ein uvanleg vakker solnedgang. Vi var ikkje åleine. Tvert om. For som sagt: Folk let seg tiltrekke av solnedgangar.

Vi har det ikkje så verst her i Robinsonmarka. Næraste naboar er solnedgangen, Shetland og Færøyane.

Temperaturen var godt over tjue. Knotten minte oss på om at det endeleg var sommar. Og sola heldt ei oppvisning som i alle fall eg aldri hadde sett maken til før. No har eg heller ikkje vore buaværing så veldig lenge, for å ha sagt det. Men etter Facebook-innlegga å døme, var det mange fleire enn eg som var imponerte.

Fargespelet heldt fram også etter at sola var borte. Vi sat lenge. Minnekortet på kameraet vart fylt opp, og tankar flaut fritt. Ein kjenner seg privilegert i slike magiske stunder.

No er det straks ferie. Da skal eg nyte solnegangen på Tæla. Der går sola ned – ikkje bak Hesteknatten – men bak Haugastrengen no midt på sommaren. Ikkje så verst å sjå på det, heller. Tilværet her ute ved Hustadvika er ei verd, hyttelivet på fjellet ei anna. Det gjeld å hente det beste ut av dei begge. Hesteknatten er overalt.

Julikveld på hytta. Sola har akkurat gått ned.

Kommenter innlegget