Haustkvelden legg seg mildt over Tæla. Eg er på dag 2 i det som nok er nest siste turen i år.
Kategori: Hytteliv
Slike helger lever vi lenge på
Nokre minne frå ei flott septemberhelg i tekst og bilde.
«August er det mykeste myke jeg kjenner»
August har fleire sider ved seg. I starten byr han som regel på varme sommardagar. Så skjer det liksom noko etter eit par veker, og ikkje minst dersom det da også kjem dårleg ver.
Vedarbeid på gammaldags vis
HYTTELIV Veden vermer mange gongar, blir det sagt. Det er heilt sant. Vi som har ei veg- og straumlaus hytte utanfor allfarveg, veit kva dette handlar om. Vedarbeidet på Tæla foregår på gammaldags vis. Med unntak av dei største trea, nyttar vi handsag. Det er ein støyfri og effektiv reiskap. Så langt frå folk, brukar … Les meir av Vedarbeid på gammaldags vis
Mimring over ei gammal hyttebok
Det ligg mykje historie i gamle hyttebøker. På ein stille styggversdag, har eg trøydd tida med å lese dagboksnotatane frå dei åra da Ane og Peder Kvendbø bygde hytta vår, Tælastuå. Ane og Peder starta med hytteprosjektet sitt tidleg på 1950-talet, da dei fekk overta fjøset som høyrde til setra på heimgarden min. Peder reiv … Les meir av Mimring over ei gammal hyttebok
Sommarsesongen i gang i Tælastuå: Åleine i styggveret
Det gode liv. Tida går fort i godt lag, heiter det. Eg ser på klokka. Det er snart tolv timar sidan eg stod opp. Og no er kvelden komen. Kvar vart dagen av? Eg må konkludere med at tida går fort, også i eige selskap. Eg har hatt Tæla for meg sjølv i dag. Ikkje … Les meir av Sommarsesongen i gang i Tælastuå: Åleine i styggveret
Eremitt i snøen
Kveldsfred. Eg er kanskje ein særing. Det får våge seg. Mi ærlege meining er at mai er den finaste skimånaden i fjellet. Ja, sjølvsagt må det vere snø. Men det er som regel ikkje noko problem her oppe på Kvennbøtæla. I år er det rikeleg med snø tretten dagar ut i mai. Og den kjem … Les meir av Eremitt i snøen
Eit glimt av fredagslykke
Medan eg bladde i bildearkivet mitt ein kveld, kom eg over dette bildet. Motivet er kanskje ikkje så spektakulært. Like fullt fangar det ein augeblink som inneheld noko av det finaste eg og Mette veit. Vi har akkurat nådd fram til Tælastuå. Det er fredagskveld, og klokka er halv ni. Kveldssola forgyllar stølen. Bildet er … Les meir av Eit glimt av fredagslykke
Den store reparasjonen er unnagjort – no ser vi framover
27. september 2021. Endeleg framme. «Guttetur. Kun ein påmeldt» står det under dette bildet på Facebook. Det dukka opp som eit minne, og fortel at eg 27. sepember i fjor var på Tæla-tur heilt for meg sjølv. I sju – åtte år har eg visst at hjartet på eit eller anna tidspunkt måtte få ei … Les meir av Den store reparasjonen er unnagjort – no ser vi framover
Takk til gode hjelparar: Omtanke gjer livet lettare
Før og etter. Foto: Ole Sæterbø. «Den største gleda ein kan ha, det er å gjera andre glad», heiter eit kjent ordtak. Så kan vi legge til: Ein blir glad av å motta god hjelp, også. Det går liksom to vegar dette. Eg fekk lyst til å gje verbal ros til nokre personar, som i … Les meir av Takk til gode hjelparar: Omtanke gjer livet lettare