Sommarsesongen i gang i Tælastuå: Åleine i styggveret

Det gode liv.

Tida går fort i godt lag, heiter det. Eg ser på klokka. Det er snart tolv timar sidan eg stod opp. Og no er kvelden komen. Kvar vart dagen av? Eg må konkludere med at tida går fort, også i eige selskap.

Eg har hatt Tæla for meg sjølv i dag. Ikkje meir enn naturleg, eigentleg. Regnet har sila ned frå morgon til kveld. Kva fjella har brukt dagen til, veit eg ikkje. Dei har freista tilværet bak eit tjukt teppe av skodde. Først no ut på kvelden kan eg konstatere at alle er på plassen sin.

Sommarsesongen på Tæla har starta. Enno er det mykje snø att i terrenget rundt her. Men stølen er berr. Fossåa har kasta av seg vinterkappa, og briskar seg høglydt på ferda ned mot stemnemøtet med Søya.

Kvar tok no fjella vegen?

Eg kan altså ikkje skryte av veret. Men for å seie det rett ut: Det spelar ingen rolle. I ei avsides og gammaldags hytte, utan innlagt vatn og straum, handlar det gode liv om så mykje meir enn fint ver.

Kva eg har brukt dagen til? Sidan eg heilt frå morgonen av bestemte meg for å gjere minst mogleg, er det korte svaret: Eg har praktisert reint livsnyteri. Som litt meir detaljert betyr: Inntak av nødvendig fast og flytande føde, radiolytting og, ikkje minst, lesing. Ein ven av meg har lenge sagt at eg må lese “Menneske og maktene” av Olav Duun. I dag gjekk eg laus på boka, og angrar ikkje på at eg lytta til rådet.

Dessutan har eg Dag og Tid. Ei fenomenal avis, som i notidas flaum av klikkhoreri er ei befriande kjelde til kunnskap og djuptpløyande journalistikk. Utruleg nok opplever avisa framgang år etter år. Dag og Tid er ei vekeavis. Det passar bra. Det tar ei veke å kome igjennom ho.

Så må eg hugse å ta med den viktigaste sysselen, som er å ta roa og freden innover seg. Lange stunder ved glaset, med radioen slått av. Sjå på skodda som driv forbi. Høyre på vårsøget frå Fossåa. Observere korleis grønfargen på bjørkeskogen har vorte ørlite meir tydeleg sidan i går. Små gleder. Store ting i ein nullstilt kvardag.

“Jeg er aldri ensom når jeg er alene”, skreiv skogens diktar over alle, Hans Børli. Han har så rett. Å vere å åleine er noko heilt anna enn å vere einsam.

Og sanneleg, der gol gauken.

Det går likar no.
Der var Fossafjellet framme igjen. Eg ser heilt til Tingvoll.

Kommenter innlegget