«August er det mykeste myke jeg kjenner»

HYTTELIV

Slik startar Einar Skjæraasen diktet «August». Han held fram:
«… denne skjelvende streng mellom sommer og høst,
denne dugg av avskjed i mine hender».

Magiske ord om ein ofte svært så vakker månad. Men august har fleire sider ved seg. I starten byr han som regel på varme sommardagar. Så skjer det liksom noko etter eit par veker, og ikkje minst dersom det da også kjem dårleg ver. Vi ser dei første gule blada på bjørka. I fjellet får myrane eit skjær av raudt. Fint det også. Men plutseleg har «denne skjelvende streng mellom sommer og høst» vorte eit bod om ei kaldare årstid og mørke kveldar.

Dette blogginnlegget er eit augustbrev om hyttelivet på Kvennbøtæla. Som lesaren vil sjå, har det vore både godversdagar og porsjonar med fuktig ver. (Klikk på bilda for å sjå dei i stort format).

5. august kl 19.24. Eg er på ein helgetur for å sjå etter molta. Da eg rigga meg til i hytta denne laurdagskvelden, kom regnet og skodda. Utsiktene til ein fin moltetur dagen etter var sant å seie ikkje dei aller beste.

6. august kl. 00.35. Laurdagskvelden har akkurat vorte til søndag. Eg nyt livet åleine i fjellet. I slike stunder treng ein ikkje meir enn eit einsleg talglys. «Eit lite lys fordriv mykje mørke», lyder eit sitat frå den jødiske forfattaren Zalman Shneour. Han har så rett. I mørke nattetimar på Tæla kan ein sjå lyst på livet.

6. august kl. 13.50. Så vart det moltetur. Regnet søndag formiddag ga seg litt etter kvart. Eg fann fram eit spann, og la i veg innover Tæla. På ein GPS har eg lagt inn nokre punkt på kartet, der det finst tuer som normalt byr på molte. Det er rare greier. Kvar gong GPS’en plinga for å markere at eg var kome fram til ein molteplass, låg bæra rett framfor meg. Ikkje store mengder, rett nok, men tilstrekkeleg til vårt bruk. Så må eg ile til og opplyse om at det ikkje alltid finst bær på GPS-punkta. Eg har også opplevd å kome til desse tuene og ikkje finne så mykje som ein kart. Eller for å seie det på ein annan måte: Eg har ikkje GPS med moltegaranti.

6. august kl. 15.08. Her var det ikkje molte, men derimot mykje frodig røsslyng. Når det er langt mellom bæra, må ein finne glede i alle dei andre synsinntrykka som fjellet har å by på.

7. august kl. 10.03. Måndag morgon. Ekstremveret Hans er på veg, og det er best å kome seg ned liene. Fossåa er enno ikkje større enn på ein vanleg regnversdag. Og ikkje vaks ho vel så mykje i løpet av uveret, heller. Hans for fint fram på Kvennbøtæla. Men det kunne eg ikkje vite da eg stod opp denne måndagen.

17. august kl. 19.37. Ny hyttehelg. Det er torsdag, og det vart ein augustkveld av det slaget vi alltid drøymer om. Første kvelden på hytta har eg og Mette alltid spekemat med tilbehør på menyen. Det er ein triveleg tradisjon, som vi har halde på med i mange år no. Når ein må bere maten 2,5 kilometer og 300 høgdemeter, smakar den ekstra godt.

18. august kl. 14.08. Meir røsslyng, her rett nedanfor hytta. Røsslyngen vart kåra til Norges nasjonalblomst av radioprogrammet Nitimen i 1976.

18. august kl. 21.20. Fredagskvelden vart storveges. Ikkje berre på grunn av det flotte veret, men aller mest fordi vi saman med hyttenabo Bjarne feira meir enn tretti år med hytteliv på Tæla. I august 1992 vart det frakta opp materialar og utstyr med helikopter til Telheim og Tælastuå. Hyttene vart restaurerte, og har i alle åra etterpå gitt oss ufatteleg mykje glede og livskvalitet. I løpet av denne mannsalderen har eg skrive i hytteboka rundt 1.600 dagar. Det blir ikkje så langt unna fire og eit halvt år på hytta.

18. august kl. 22.38. Mørket sig på i augustkvelden. Trettiårsferiringa pågjekk utandørs nesten til midnatt, før vi trekte inn i hytta. Takk, Bjarne, for ein utruleg triveleg kveld. Lite kan måle seg med eit gammalt og godt vennskap.

19. august kl. 20.47. Sola har akkurat gått ned bak Haugastrengen. Vi ser tydeleg at hausten førebur si fargelegging av stølen. Ein flott laurdagskveld.

19. august kl. 18.08. På ei straumlaus fjellhytte må ein ha orden i sysakene når det gjeld ved. Vi har jobba jamnt og trutt gjennom sommaren, og er godt nøgde med resultatet. Men vi er visst begge to prega av alderen: Etter å ha vurdert denne vedrøysa, var vi heilt samde om at det trengst litt meir. Noko det heilt sikkert ikkje gjer.

22. august kl. 13.37. Vel nede frå fjellet, er det godt å kome heim til Bud. Akkurat slik som ei vandring over Tæla gir fred i sjela, har ein tur rundt om i dette vakre fiskeværet den same verknaden. Med hytte i Trollheimen og bustad i Hustadvikas hovudstad, kan vi hente det beste ut av to verder.

Det er mindre enn ei veke igjen av august. Sommaren går fort. Det gjeld å ta vare på dei fine stundene som byr seg. Som diktaren Rolf Jacobsen skriv: September kommer snart med sine rynker og sin tørre munn.

Kommenter innlegget