Det er visst tid for Melodi Grand Prix igjen. Eg har for lengst slutta å sjå på dette vulgære fesjået, som i våre dagar ligg oseanar unna den opprinnelege ideen om at Melodi Grand Prix skulle vere ein komponistkonkurranse. Det norske bidraget i år, «Lighter», minner meg om korleis den gamle mjølkemaskina heime på Kvennbø let når ho slo feil, og far min fann det tryggast å ringe etter reparatør.
Melodi Grand Prix har alltid vore det programmet vi nordmenn elskar å hate. I tider med berre ein TV-kanal var likevel sjåartala skyhøge. Det fanst ikkje noko alternativ. Måndagane etter den norske og internasjonale finalen var Melodi Grand Prix alltid det store samtaleemnet blant folk. Programmet fungerte som eit leirbål som alle sette seg rundt.
Eg har ikkje lagra så mange Melodi Grand Prix-minne. Men seieren til Bobbysocks i 1985 fekk eg da med meg. Melodien var forresten også bra. Så hugsar eg godt den norske finalen i 1980, da ei rekke norske artistar av den meir seriøse sorten la hovudet på blokka og deltok.
Vinnaren vart Sámiid ædnan, framført av det tidlegare Pussycats-medlemmet Sverre Kjelsberg og joikaren Mattis Hætta. Som eit slags apropos til at det stundar mot internasjonale finalen, og som ein hyllest til to som gjekk utanfor allfarveg, skal vi stoppe opp ved dei to vinnarane og det som skjedde på den norske finalekvelden i 1980.
Både Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta er no borte. Kjelsberg døydde i 2016, fire månader før han ville ha fylt 70. Hætta gjekk ut av tida i 2022, 63 år gammal.
For folk flest vil Mattis Hætta for alltid vere han som tok joik inn i Melodi Grand Prix. Her var han ein pioner. Men gjennom livet markerte han seg også sterkt på andre område. Hætta var songar, joikar og skodespelar i ei lang rekke produksjonar. I 1979 var han aktiv under demonstrasjonane mot Alta-utbygginga.
Sverre Kjelsberg var bassist og vokalist i den legendariske gruppa The Pusscycats frå Tromsø. Han tok seinare musikkutdanning, og vart både komponist og skodespelar ved Hålogaland Teater. Kjelsberg var også ein sterkt politisk engasjert visesongar.
Songen Sámiid ædnan, som Kjelsberg komponerte, låg langt unna det folk kalla «typisk Melodi Grand Prix». Songen var noko langt meir enn lett underhaldning. Tittelen betyr samisk jord. Teksta refererer til samane sin kamp for rettferd og auka status. Sámiid ædnan er også ei støtte til sveltestreiken framfor Stortinget i samband med Alta-saka. Vi høyrer det for oss, den dag i dag: Framførr tinget der dem satt, Sámiid ædnan, Sámiid ædnan.
Sámiid ædnan bidrog til å løfte fram samane si sak, både nasjonalt og internasjonalt. Mange vil meine at dette er den viktigaste songen i den norske Melodi Grand Prix-historia.
Blant dei som hylla Mattis Hætta sin innsats for samisk kultur da han gjekk bort, var daverande kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen. Ho ga Hætta ein stor del av æra for den auka bevisstheita rundt samiske interesser på 70-talet, og sa at Hætta sitt samfunnsengasjement sette sitt preg på det norske samfunnet.
1980 var altså eit år da NRK gjorde store endringar i Melodi Grand Prix-konseptet. Dei inviterte ti landskjente komponistar til å delta. Mellom desse var Henning Sommerro, Åge Aleksandersen, Radka Toneff, Jan Eggum og Ketil Bjørnstad.
Fleire av songane, som Henning Sommerro sin Auståvind med tekst av bøverdalingen Jørgen Gravvold, hadde eit klårt politisk bodskap. Det same gjaldt Bjørnen sover med Åge Aleksandersen. Både Auståvind og Bjørnen sover hadde tekster med spark til den store kjempa i aust, Sovjetunionen, og den kalde krigen.
Som vanleg var på denne tida, vart songane i Melodi Grand Prix-finalen i 1980 dominert av eit stort orkester leia av Egil Monn-Iversen. Litt uærbødig vil eg påstå at Egil Monn-Iversen, med sine pompøse og gammaldagse arrangement, gjennom ein del år tok livet av mange songar med stort potensial.
I 1980 vart Melodi Grand Prix-finalen avgjort av ein fagjury. Dette var før folket fekk ha eit ord med i laget. Avstemninga vart særs spennande. Etter første avstemningsrunde landa Sámiid ædnan og Bjørnen sover på lik poengsum. Det måtte derfor ein ny avstemningsrunde til, der dei ni fagdommarane ga kvar si stemme til ein av songane. Resultatet vart 5-4 i favør av Sámiid ædnan.
I motsetnad til det som var tradisjonen, altså slakt, var avisene positive etter finalen. VG skreiv at «denne gang hadde man følelsen av å få et tverrsnitt av dagens lette musikkliv i Norge på godt og vondt», medan Aftenposten meinte at Sámiid ædnan var den beste vinnaren på mange år.
Mange ekspertar, også utanlandske, tippa at Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta ville oppnå ei høg plassering under den internasjonale finalen i Haag. Slik gjekk det, nær sagt som vanleg, ikkje. Sámiid ædnan vart nummer 16 av 19 bidrag.
Kjelsberg og Hætta er ikkje lenger blant oss. Men som det står i songen: «Joik har større kraft enn krutt. Førr en joik tar aldri slutt».