
Palmehelga i år starta eg sesongen på Tæla. Eit halvår og straks femti hytteovernattingar seinare begynner eg å sjå enden. No blir det eit par veker på Kreta, før nokre oktoberturar til hytta får sette punktum for i år.
Kontrasten til fjoråret er stor. Da sette helsa ein stoppar for hytteturane. Hjarteoperasjonen i august 2022 endra alt. Endringa frå å ikkje greie noko som helst, til å kjenne at kroppen atter fungerer optimalt, er ei av dei største opplevingane eg har hatt i livet.
Etter ein knereparasjon i vår, kunne Mette starte sin hyttesesong i slutten av juni. Eg trivst godt åleine på Tæla. Men det er enda kjekkare å vere to. Vi har hatt mange fine dagar saman i fjellet i år.
Helga før valet fekk vi ei hyttehelg av dei sjeldne. Vergudane viste seg frå si beste side, i alle fall fram til søndag. Vi sit att med med minner om lange kveldar ute, lunsjmåltid nede ved Fossåa, vedarbeid, bærplukking og, ikkje minst, kjensla av fellesskap og god stemning.
No er veden på plass. Vi har vel nok til tre sesongar, vil eg tru. Når ein har kome opp i åra, er vissheita om eit rikeleg lager med brensel og livskvalitet to sider av same sak. Livets gang byr på mykje rart.
Alle månader set sitt stempel på stemninga i fjellet. September er kanskje den aller finaste. Fargespelet i brytinga mellom sommar og haust, medan temperaturen framleis kan krype opp på tjuetalet, gir dagar ein lever lenge på.
No ber det sørover for å treffe gamle vener på Kreta. Vi har ikkje vore der på fire år. Det er alltid fint å kome seg ut og oppleve andre land og kulturar. Så ligg Tælastuå og fjella rundt og ventar til vi kjem att.
Klikk på bilda i galleriet under for å sjå dei i fullt format.












Du lever i pakt med naturen. Slik mange gjer utan at dei gjer alvor av det. Du må ikkje gløyme ordtaket om at ingen er eldre, enn ein sjølv gjer seg. God rur sørover slik trekkfuglene gjer, også i pakt med naturen.
LikarLikt av 1 person