
Kunsten skal uttrykke kjensler. Den skal også pynte opp, underhalde, begeistre, provosere og utfordre. Ja, kort sagt engasjere.
For nokre dagar sidan gjekk eg turstien på Vevang, Hågå rundt. I dette naturskjønne landskapet finn ein det som har vorte kalla Norges styggaste turistattraksjon. Attraksjonen er ein mykje omdiskutert marmororm, skapt av den norske bildekunstnaren Jan Freuchen.
Atlanterhavsvegen er ein del av Nasjonale turistvegar. Alle dei 18 vegane skal ha sitt eige kunstverk. Av desse er truleg Freuchen sin orm, som vart offisielt opna i 2016, det mest omstridde. Ormen er delt opp i 39 bitar med italiensk marmor, som til saman er 90 meter lange og 35 tonn tunge. Desse fragmenta ligg strødd utover i landskapet, og utgjer til saman kunstverket «Columna Transatlantica», den transatlantiske søyle.
Meiningane om «Columna Transatlantica» har vore både mange og krasse: Søppel, miljøkriminalitet og hærverk på fin natur. Kritikken har hagla. Det har i tillegg vore reagert på at Nasjonale turistvegar vel italiensk marmor, i eit område der steinindustrien har ein over hundre år lang tradisjon. Akkurat den kritikken meiner eg er på sin plass.
Men tru det eller ei, det finst også dei som tykkjer at kunsten er fin. Problemet er berre at desse røystene har drukna i hylekoret. Eg er blant dei som er tilbøyeleg til å seie at «Columna Transatlantica» er stilige greier. I løpet av dei siste åra har eg gått denne turstien fleire gongar. Eg har enno til gode å passere marmoren, utan å ta fram kameraet. Så da har kunstnaren i alle fall greidd å engasjere meg på ein positiv måte.
Kunst er noko vi ikkje alltid heilt forstår. Eg lurar på om nettopp det er årsaka til at fredelege kunstverk av og til kan få folk til å gå av hengslene. Raseri blir kompensasjon for ei slags avmakt. Kva folk meiner om «Columna Transatlantica» når det har gått hundre år, skal eg ikkje spå noko om. Det vi veit, er at mykje av den kunsten som folk flest i dag omfamnar, i si samtid vart sett på som absurd, provoserande og ubegripeleg nonsens. Det har skjedd innanfor både musikk, litteratur og bildande kunst. Så kanskje er det i eit langt tidsperspektiv også håp for 35 tonn med marmor på Vevang?
Kva Jan Freuchen meiner om å bli slakta, veit eg ikkje. Truleg tar han det med knusande ro. Ja, kanskje han til og med smiler litt i skjegget, tilfreds over å ha oppnådd noko av det viktigaste ein ein kunstnar skal gjere: Å utfordre og provosere.
For øvrig er Hågå ein tursti som er vel verdt å utforske. Her kjem ein tett på havet. Terrenget er lettgått. Den snaue 1,3 km lange turen tar ikkje meir enn ein snau halvtime.
Om ein da ikkje blir fanga av kunsten.
(Klikk på bilda under for å gjere dei større).






Ingen vet hvordan folk i fremtiden vil bedømme dette, men jeg syns i alle fall det er både stilig og morsomt. Flott natur, men det er bra med litt krydder i form av kunst også. Om kunsten er bra eller ikke, er det heldigvis ikke noen fasit på. Jeg lar meg i alle fall glede!
LikarLikar