Barnetimen for dei minste og ei oldemor

Søndag på kåret hos oldemor første halvdel av 60-talet. Her har ho besøk av Kristine og Peder Øye (son til oldemor) frå Røv, to av dei trivelegaste personane eg visste om i barndommen. Elles ser vi frå v. bloggskrivaren, Bjørn på fanget til Kristine og Ole Magne.

2. juni 2022 er det 75 år sidan Barnetimen for dei minste gjekk på lufta for første gong. Programmet skulle få eit langt liv. Det vart ikkje lagt ned før i 2014, etter å ha bore namnet Superblokka dei to siste åra.

Barnetimen for dei minste, som gjekk på kvardagar frå klokka 08.40 til 09.00, får meg til å tenke på oldemor mi Gudrun på kåret i Utigard Kvennbø. Det var ho som fekk meg interessert i dette programmet.

Oldemor var svært dårleg til beins, og sat stort sett lenka til gyngestolen sin ved glaset. Derifrå hadde ho utsikt til mjølkerampen, der det samla seg folk når tida for mjølkelevering og posthenting nærma seg. Radioen, som av ein eller annan grunn var plassert så langt unna gyngestolen at ho måtte ha hjelp til å slå av og på, var kjærkoma tidtrøyte gjennom dagane. Skjønt, oldemor mi var ei selektiv dame når det gjaldt radioprogram. Slik eg hugsar det, var dei programma ho heldt seg til for det meste morgonandakten, nyheiter, vermelding, Ønskekonserten, gudstenesta på søndag formiddag og Barnetimen for dei minste.

Kirsten Langbo var ein av oldemor sine favorittar. Foto: Nasjonalbiblioteket.

Gutane som vaks opp i Utigard var innom kåret både titt og ofte. Vi høyrde Barnetimen for dei minste saman med oldemor, og ho lærte oss å like legendariske programleiarar som Kirsten Langbo, Thorbjørn Egner, Alf Prøysen og Anne-Cath. Vestly. At oldemor sette slik pris på dette programmet var nok ikkje tilfeldig. Ho likte å synge, og var eit oppkome av rim, regler og barnesongar.

I 1947 hadde Laurdagsbarnetimen vore sendt i 23 år. Programmet vart starta opp av det private Kringkastingsselskapet, og overtatt av NRK i 1933. Laurdagsbarnetimen var svært populær, og hadde dei eldste barna som målgruppe. Før fjernsynet si tid fungerte Laurdagsbarnetimen også som som eit familieprogram, som trekte både unge og eldre til radioapparata.

Initiativtakar til Barnetimen for dei minste var barnepsykologen Åse Gruda Skard. Ho meinte at NRK trong eit program som skulle vere «inspirasjon til dagens leik» for dei minste. Det skulle vise seg å bli ei suksessrik satsing.

Dei mange stundene på kåret, både med og utan radioen på, er kjære barndomsminne. Oldemor ga oss gutane mykje ballast med på livsvegen. Den har nok prega oss meir enn vi kanskje er klar over.

Kommenter innlegget