Når PR-kåte programleiarar står i vegen

Eg køyrer mykje bil. Ein stor del av tida bak rattet brukar eg til å høyre på radio. Mine utvalde kanalar er P2 og NRK Alltid nyheter – med NRK Jazz og P9 Retro som lufteventilar. Kommerskanalane styrer eg unna.

Skjermdump frå nrk.no.

 

– Ein skal behandle dei medverkande med respekt og la dei sleppe til.

Det var slutthelsinga frå NRK-legenda Oddgeir Bruaset, da han takka for seg etter mange år i radio og TV. Kanskje var utsegna mest mynta på programleiarar i fjernsynet. Men mange som jobbar i radioen burde også ta til seg rådet.

Bruaset seier i intervjuet med nrk.no at han er provosert av PR-kåte programleiarar, som set seg sjølve framfor gjestar og intervjuobjekt. Programleiarar skal stille vettuge spørsmål, informere og prøve å avdekke det folk prøver å skjule, og ikkje behandle dei som er med i programmet som statistar. Når «Der ingen skulle tru …» har vorte ein suksess, er det fordi sjåarane møter spennande og ekte menneske, og ikkje på grunn av programleiaren, meiner Bruaset.

– Difor er det heilt i orden at eg er relativt usynleg, og eg meiner at fleire burde vere det, seier han.

Eg merka meg dette intervjuet da det i si tid vart publisert, og eg tenkjer ofte på orda til Bruaset når eg i dag høyrer på radio eller ser på TV. Dei kommersielle radiokanalane er eit kapittel for seg. Der er dei som sit bak mikrofonen så støyande, «kule» og høge på seg sjøl, at i alle fall ikkje eg orkar å høyre på.

Men NRK er på god veg til å hamne i same grøfta. Distriktsprogram, Nitimen og andre flaggskip vert fylt av programleiarar – det må jo alltid vere to – som skvaldrar i veg og fniser og ler av kvarandre sin humor.

P1 er ikkje lenger min kanal. Som sagt, eg held meg NRK til P2 og Alltid Nyheter. «Nyhetsmorgen» frå klokka sju og utover kvar morgon er verkeleg til å bli klok av. Her møter ein dyktige programleiarar og god journalistikk på ein arena som er kjemisk fri for «låtar».

Apropos dette med musikken, som vert misbruka overalt: Eg vil tru at dei som høyrer på aktualitetsprogrammet «Her og nå» om ettermiddagen stort sett er godt vaksne menneske. Kvifor programmet da må brytast opp med store mengder tenåringsmusikk, er ei gåte for meg.

Om morgonen må eg likevel innom P1 så snarast for å få med meg distriktsnyheiter i eit par minutt litt over klokka åtte. Så er det ein ny P1-visitt ti på halv ni for å høyre andakten. Morgonandakten i radioen har i dag ei form som appellerer mykje breiare enn den tida da eg var innom kåret og slo på radioen til oldemor mi, slik at ho fekk med seg eit gudsord inn i dagen. Blant mange dyktige formidlarar av livsvisdom og inspirasjon sett eg særleg stor pris på Henrik Syse. Syse, som er son av tidlegare statsminister Jan P. Syse, er filosof, forfattar, foredragshaldar og forskar. Han er også nestleiar i nobelkomiteen. Ein usedvanleg klok mann!

Så vert det Fadervår og velsigning til slutt – som regel inne i Øksendalstunnelen. Det toler eg godt å høyre langt inne i svarte fjellet. Åra saman med oldemor Gudrun sette sine spor.

Oddgeir Bruaset høyrer til ein kategori programleiarar som vi i dag ser og høyrer stadig færre av. Men heilt borte er dei ikkje. Ein av mine favorittar, som eg vil trekke fram som ei eksempel, er Finn Bjelke. «Popquiz», som han leiar kvar laurdag formiddag på P1, er eit av dei mest populære programma i denne kanalen. No er popmusikk noko som i utgangspunktet fengar hos mange. Likevel er eg sikker på at lyttartala ikkje ville ha vore så høge utan Bjelke sin ordkunst og briljante programleiing. Det handlar om å skape kontakt med lyttaren og – ikkje minst – evne til å få dei som ringer inn til å gje av seg sjøl. Finn Bjelke, som i 2007 vart tildelt Riksmålsforbundet sin lyttarpris, er ein meister i å servere verbale gullkorn. Men han gjer det utan å ta stor plass. «Herreavdelingen», der Bjelke opererer saman med bl.a. Yan Friis, er også eit meisterverk av eit program

På mange måtar er Finn Bjelke notidas svar på Rolf Kirkvaag.

For øvrig les eg akkurat no Asbjørn Bakke sin biografi om Erik Bye. Boka er i seg sjølv eit stykke imponerande forteljarhandverk. Innhaldet gjev lesaren eit bilete av ei mann heilt utanom det vanlege. Erik Bye var ein einar på mange felt. Innafor media vil han for all framtid ruve som ein bauta.

Mange av dei som i dag sit og breier seg bak mikrofonar og framfor kamera har mykje å lære av Erik Bye.

#nrk #popquiz #henriksyse #finnbjelke #oddgeirbruaset #herreavdelingen

2 tankar på “Når PR-kåte programleiarar står i vegen

Legg att svar til pebble Avbryt svar