Sein vår – men det har vore verre…

 

Manns minne rekk ikkje langt når det gjeld veret. Det veit dei som skriv verdagbok. Vi gløymer fort, og tenkjer at verre enn i år har det no vel aldri vore. Men dei tørre fakta viser som regel noko heilt anna. I år er våren sein og kald. Som så ofte før.

Vi som vaks opp på Kvennbøen hugsar nokre vintrar som aldri tok slutt på slutten av 60-talet. Eitt år var det berre så vidt utgardspålane stakk opp av snøen 17. mai. Våronna starta ikkje før ein av dei første dagane i juni.

Biletet over viser ei våryr Fossåa oppe på Kvennbøtæla. Biletet er teke 2. juni i år. Sjølv om det er mykje snø att, har det vore verre før. Første veka i juni i 1995 var det framleis muleg å gå på ski over Fossåa akkurat der ein ville. Men når det er sagt: Kjem ikkje varmegradane, blir det ein kort sommar på Tæla i år.

Sjølv er eg dårleg til irritere meg over veret. Eg har aldri avlyst ein hyttetur på grunn av ver eller vermelding. Denne våren har det vore kaldt og surt oppe på Tæla. Men også dårleg ver kan vere fascinerande – om ein orkar å sjå.

 

Ein tanke på “Sein vår – men det har vore verre…

Legg att svar til Iselin Renée Avbryt svar