Ei reise gjennom Vårsøglandet

I 2008 ga Svein Sæter ut boka «Vårsøglandet». Eg omtala denne flotte boka i Aura Avis. Sidan vi nærmar oss ei ny Vårsøghelg, brukar eg Fintenkjarplassen til å publisere omtalen på nytt. Programmet på Vårsøghelga er mangfaldig og imponerande. Men hovudpersonen, sjølv om det er 14 år sidan han gjekk bort, er og blir Hans Hyldbakk. Epistelen i Aura Avisa var slik:

DIKTAREN Hans Hyldbakk, komponisten Henning Sommerro og diktet «Vårsøg» heng uløyseleg saman. Da gruppa Vårsøg ga ut si første plate i 1977, der «Vårsøg» var blant melodiane, vart Hyldbakk i ein alder av 79 år landskjent. I dag kan «Vårsøg» trygt kallast ein klassikar. I meir enn 30 år har diktet i Sommerro si tonedrakt vore ein gjengangar på norske radiostasjonar.

HANS HYLDBAKK døydde i 2001. Men diktinga lever vidare. Ja, ikkje berre det. Den nett utkomne boka «Vårsøglandet» er truleg i ferd med å skape nok eit gjennombrot for Kleivakongen – og denne gongen utan tonefølgje. «Vårsøglandet», der Svein Sæter har redigert dikt og tekster av Hans Hyldbakk, er ei bok som allereie har vorte lagt merke til langt utanfor både Surnadal og Nordmøre sine grenser. Nyleg fekk m.a. boka svært positiv omtale i VG, der kritikaren Arne Hugo Stølan går så langt som å hevde at «forfatteren Hans Hyldbakks livsverk har kvaliteter som gjør ham til en litterær kjempe! Ikke bare i hjembygda Surnadal på Nordmøre, men også på landsbasis, som vår kanskje siste store poetiske sanger i tradisjonen etter Aasmund Olavsson Vinje og Olav Nygard».

KLEIVAKONGEN sjølv ville nok ikkje ha likt å lese slik ros som dette. Men alle vi som gjennom åra har lært å sette pris på Hans Hyldbakk sin ordkunst, vil seie oss samde med Stølan. I ettertid kan ein lure på kvifor Hyldbakk ikkje tok steget opp blant dei store nynorske diktarane alt medan han var i sine beste år. Forklaringa ligg nok mykje i at han var fri for ambisjonar på eigne vegner. Han mislika på det sterkaste alt som lukta av status, og valde i staden eit liv som bohem i bygda der han hadde sine røter og som han sette så høgt. Henning Sommerro skriv i forordet til «Vårsøglandet»: «Ein kan filosofere over kva slags diktar han hadde vorte viss han hadde kome seg bort «og henta visdom under framandt velde». Men for oss som fekk hente frå Hans si visdomskjelde var det bra det gjekk som det gjekk».

HANS HYLDBAKK var romantikar, rabulist og rebell. Han skreiv lyrikk, som i si form var så musikalsk at berre notane vanta, og han hadde ein prosapenn som vitna om formuleringsevner langt utanom det vanlege. Ofte var han ute med samfunnskritikk og satire. Ikkje minst lika han seg når han kunne peike nase til dei som sat på makt og pengar. Majesteten på Kleiva var grasrota sin talsmann. Han hadde ein grunnfesta respekt for arbeidsfolk og alle dei som strevde seg gjennom livet utan å oppnå pengerikdom og materiell velstand.

«VÅRSØGLANDET» gjev lesaren eit interessant og lærerikt innblikk i Kleivakongen si dikting. Ein vert i tillegg godt kjent med personen Hans Hyldbakk. På imponerande vis greier Svein Sæter, gjennom måten han har redigert boka på, å sette liv og livsverk i samanheng. Bidraga frå redaktøren sjølv gjev oss akkurat den informasjonen vi treng gjennom korte, velskrevne og informative appetittvekkjarar til kvart kapittel.

FOR LESARAR utan særleg førehandskunnskap vil «Vårsøglandet» vere ein underhaldande og lærerik døropnar inn til Hans Hyldbakk si verd. Kjennarar kan oppleve boka som ei kjelde til ny innsikt og auka forståing for kva som var drivkreftene i livet og skrivekunsten til denne spesielle mannen oppe på Kleiva.

«VÅRSØGLANDET» er ei flott bok, som eg vil håpe når ut til det lesande publikum landet over. Det fortener både Svein Sæter og Hans Hyldbakk. Eg gjer Henning Sommerro sine ord til mine: «Håpet mitt er at søget i Hans sine dikt og vers vil halde fram med å synge, også for framtidige generasjonar»

#Vårsøg

Kommenter innlegget