Årsskiftet kjem omtrent midt mellom to hyttesesongar. Vi avsluttar som regel på Tæla eit stykke ut i oktober, og startar eit nytt hytteår når det lir mot slutten av mars. No på svartaste vinteren er minna frå hyttelivet ein god ballast å ha med seg. I dette innlegget inviterer eg til ein tur i tekst og mange bilde gjennom 2023-sesongen på Tæla.
Stikkord: Surnadal
Ein vemodig seremoni
Så er Tælastuå klar til å ta imot vinteren. Det vart ein dagstur så snarast, der eg gjennomførte det faste ritualet som må til når vi ikkje skal sjå att hytta på fleire månader.
Verdiskaping, fanfarer og sprøe netter
Atlanterhavsspelet blir oppført for tredje gong i 2023. «Når festen opnar, festivalen opnar blir namnet på ein by i vest fanfare: Til Molde! Klangen dirrar gjennom sprøe netter». Slik opna forfattaren Edvard Hoem for mange år sidan si helsing til Moldejazz. Festivalen i Molde, verdas eldste jazzfestival i kontinuerleg drift, er sjølve flaggskipet blant festivalane … Les meir av Verdiskaping, fanfarer og sprøe netter
Slåttonna før i tida: Regnversdagar, mykje folk og mange gode minne
Hesjing. Mange minne frå somrane i barndommen er knytta til dette arbeidet. Dei siste dagane har det regna kraftig. Alt regnet får meg til å tenke på slåttonna før i tida.
Da langrennseliten kom til bygda
På 60-talet var det ikkje ofte vi såg langrennsløparane på TV. Sett bort frå meisterskapa, måtte folk halde seg til radioen. No var det slett inga dårleg erstatning. Bjørge Lillelien bringa spenninga inn i stua på ein måte som gjorde at folk satt klistra til apparata. Ei femmil med intervallstart varte mellom tre og fire … Les meir av Da langrennseliten kom til bygda
Den finaste fjorden
Hamna på Bølandet - sett frå Settemsøran. Dette var heimen til Kjell Bøe, ein av dei store heltane mine frå det legendariske fotballaget på 60-talet. Bøfjorden er den finaste fjorden på Nordmøre. Ja, han er blant dei vakraste i heile fylket vårt. Eg meiner å kunne uttale meg med ein viss pondus og autoritet. Få … Les meir av Den finaste fjorden
