Litt mimring om ei tid da kjøp av nye fotballsko og overgang til kortunderbukse var to vårlege høgdepunkt.
Stikkord: Oppvekst
Romjulsminne: Toppen-ski i florlett nysnø
Testing av nye ski i romjula var eit høgtidsstemt ritual i oppveksten. Knapt noko anna var viktigare enn å ha ski som passa og var i orden.
Skøytekonge, barndomshelt og forbilde – no fyller han nitti
Jubilanten føyer seg inn i ei ærverdig rekke av norske skøytekongar. For meg er han den største. Eg er for ung til at eg kunne få med meg storheitstida til Hjallis, og akkurat gammel nok til at Kupper’n vart ein barndomshelt.
Barnetimen for dei minste og ei oldemor
Søndag på kåret hos oldemor første halvdel av 60-talet. Her har ho besøk av Kristine og Peder Øye (son til oldemor) frå Røv, to av dei trivelegaste personane eg visste om i barndommen. Elles ser vi frå v. bloggskrivaren, Bjørn på fanget til Kristine og Ole Magne. 2. juni 2022 er det 75 år sidan … Les meir av Barnetimen for dei minste og ei oldemor
Kor fint det er på Eidet!
Vi køyrde over Eidet den siste søndagen i januar. På Kvennbøkrysset stoppa vi for berre å sjå. Min barndoms grend i prektig vinterskrud – det var så utruleg vakkert. Ein gong i tida høyrde rikeleg med snø, kulde og vebju alle vintrar til. Ja, det var så vanleg at folk nok aldri tenkte over kor … Les meir av Kor fint det er på Eidet!