Den siste laurdagen i juli. Kva eg har gjort? Ingenting.
Stikkord: Friluftsliv
«Menneskets sterkeste egenskap er evig å håpe»
Såg vi ikkje eit par lysglimt her nyleg? På nyheitene kom det meldingar om at Russland og Ukraina er nærare samtalar enn nokon gong. Same dag fekk vi høyre om ei fersk meiningsmåling, der Kamala Harris hadde gått forbi Donald Trump.
Den siste kvelden i april
30. april kan brukast til så mangt. Vårkvelden på Tæla ga meg inspirasjon til litt tankespinn, som igjen resulterte i eit spontant og ikkje altfor langt blogginnlegg. I ungdomstida vart det gjerne ein fest om kvelden på denne datoen. Ikkje anna enn eg hugsar, var det tradisjon med dansefest i Myrvang 30. april. Det var … Les meir av Den siste kvelden i april
Den nest siste turen i år
Haustkvelden legg seg mildt over Tæla. Eg er på dag 2 i det som nok er nest siste turen i år.
Slike helger lever vi lenge på
Nokre minne frå ei flott septemberhelg i tekst og bilde.
Vedarbeid på gammaldags vis
HYTTELIV Veden vermer mange gongar, blir det sagt. Det er heilt sant. Vi som har ei veg- og straumlaus hytte utanfor allfarveg, veit kva dette handlar om. Vedarbeidet på Tæla foregår på gammaldags vis. Med unntak av dei største trea, nyttar vi handsag. Det er ein støyfri og effektiv reiskap. Så langt frå folk, brukar … Les meir av Vedarbeid på gammaldags vis
Mimring over ei gammal hyttebok
Det ligg mykje historie i gamle hyttebøker. På ein stille styggversdag, har eg trøydd tida med å lese dagboksnotatane frå dei åra da Ane og Peder Kvendbø bygde hytta vår, Tælastuå. Ane og Peder starta med hytteprosjektet sitt tidleg på 1950-talet, da dei fekk overta fjøset som høyrde til setra på heimgarden min. Peder reiv … Les meir av Mimring over ei gammal hyttebok
Sommarsesongen i gang i Tælastuå: Åleine i styggveret
Det gode liv. Tida går fort i godt lag, heiter det. Eg ser på klokka. Det er snart tolv timar sidan eg stod opp. Og no er kvelden komen. Kvar vart dagen av? Eg må konkludere med at tida går fort, også i eige selskap. Eg har hatt Tæla for meg sjølv i dag. Ikkje … Les meir av Sommarsesongen i gang i Tælastuå: Åleine i styggveret
Eremitt i snøen
Kveldsfred. Eg er kanskje ein særing. Det får våge seg. Mi ærlege meining er at mai er den finaste skimånaden i fjellet. Ja, sjølvsagt må det vere snø. Men det er som regel ikkje noko problem her oppe på Kvennbøtæla. I år er det rikeleg med snø tretten dagar ut i mai. Og den kjem … Les meir av Eremitt i snøen
Dei fann meininga med livet i villmarka. Kanskje vi andre har noko å lære?
Og tror du det var ensomt å ferdes slik alene der skog og tundra sprer seg krevende og vill. Da feiler du min kjære, for det er blant mennesker at ensomhet blir til. Orda tilhøyrer den store oppdagaren, forskaren, friluftsmannen, arkeologen og forfattaren Helge Ingstad. I 1925 braut han opp frå ein innbringande advokatpraksis på … Les meir av Dei fann meininga med livet i villmarka. Kanskje vi andre har noko å lære?
