Måndag 8. september skal eg gjere mi borgarplikt. Eg har stemt ved kvart val sidan 1977. For seks år sidan var eg på nippet til å la vere. Men ei bestemt kone ga ordre om at eg hadde å kome meg til stemmelokalet. Så da vart det slik.
Eit ikkje altfor spektakulært liv
Det gjer godt å komme seg utaskjærs - sjølv for pensjonistar som på papiret har ferie heile året. Livet går sin sakte gang her på Kreta, og byr på dagar nokså fjernt frå den heimlege tralten.
Hurtigruta, hausten og formuesskatten
Hurtigruta glir forbi. Ho har sin eigen syklus. To gongar i døgnet kan vi i Bud sjå desse staselege skipa, som har trafikkert langs kysten vår sidan 1893.
«Å være i kommunestyret betrakter jeg som en frikveld»
I den grad arbeidet i kommmunestyret måtte vere frikveldar, kan ein trygt slå fast at denne fritida før i tida kom karane til gode. På dette bildet av Surnadal kommunestyre anno 1964 er Eli Skei einaste høne i korga. (Bildet er henta frå Facebook-sida Surnadal i bilder). Kommunestyremøte midt i fjøstida kan vere eit problem … Les meir av «Å være i kommunestyret betrakter jeg som en frikveld»
Norsk valkamp – og ei verd i brann
Straks er den norske valkampen i gang for fullt. Det kjem til å bli ein del skrik og delvis mangel på ull. Bagatellar skal blåsast ut av proporsjonar. Til lyden av ramlinga frå tomme tønner blir den norske andedammen i ein månads tid måla i svart/kvitt.
Det må vere lov å vere idiot i eigen blogg
Etter ein hustrig juni kom ein juli vi seint vil gløyme. Eg er vanlegvis tolerant når det gjeld varme. Men det får vere grenser. Kjem det nokre dagar med striregn og mindre enn ti varmegrader no, er det ikkje meg imot.
Døropninga vart løysinga
Det er fint ver ute til å vere inne i på Tæla i dag. Om det regnar? Nei, ikkje akkurat det.
Sommaren da godver vart ein overraskande bonus
Juni går mot slutten. I Bud har vergudane velsigna denne siste helga i månaden med mykje regn og til dels sterk vind. I skrivande stund, søndag ettermiddag, er temperaturen sju grader.
Tankar ved fossen
Eit livgjevande juniregn sildrar ned på Tæla. Det kjem til å få fart på den gryande grønfarga som allereie har lagt seg over landskapet.
Vorspiel og pinsekveld
Det er stille pinsekveld i Tælastuå. Eg fyrer i omnen og nyt eremittlivet i selskap med Per Sundnes og Frode Larsen på P2.