Tarkus har vore med meg i snart femti år. Coveret ber preg av levd liv. Spørsmålet datt ned i skolten på meg her ein kveld. Eg har nettopp investert i nye høgttalarar. For å teste ut lyden, sette eg på den plata eg har spelt mest sidan musikken fanga meg tideg på 70-talet: Tarkus med … Les meir av Kor mykje liv kan ei LP-plate romme?
Visdomsord på ein laurdagskveld
På denne laurdagskvelden fekk eg lyst til å kome med eit sitat av den indiske guruen Sri Sathya Sai Baba – ein fintenkjar av beste merke, om eg så skal seie. Eg fann visdomsorda i eit hefte som følgjer med Robert Fripp og David Sylvian si plate Damage, som eg kjøpte for mange år sidan. … Les meir av Visdomsord på ein laurdagskveld
Farvel til nissane
Nedpakking av jula. Kaotisk medan det står på. Det er 12. januar og nittande dag jul. Vi har kasta ut jula i dag. Eller rettare sagt, vi har pakka ho ned. Her i garden fer ikkje juletreet ut gjennom dørene. Nei, det blir lagt i ei pappkasse, og så tek vi treet fram i same … Les meir av Farvel til nissane
På ein flyplass kan du skue hunden på håra
Lite folk på Flesland i kveld. Flyet til Molde går ikkje før om eit par timar. Eg sit på Flesland saman med Mette. Vi har mellomlanda i Bergen, på veg heim etter julefeiring på Tau. Det har vore trivelege dagar for store og små. Vi gledde oss stort på førehand, og det er godt å … Les meir av På ein flyplass kan du skue hunden på håra
Den problematiske jula
Nissen ein fredeleg kar, som så langt har klart å halde seg unna all støyen rundt julefeiringa. Rektoren ved Øye skule er oppteken av inkludering. Difor får ikkje elevane ved skulen synge «Deilig er jorden» ved juleavslutninga. – Det er på grunn av sangens forkynnende innhold. Øye er en flerkulturell skole med elever fra cirka … Les meir av Den problematiske jula
Det kan da ikkje vere slik at kvaliteten på jula skal målast i mengde oppbrukt grønsåpe?
Litt anna utsikt frå heimekontoret enn elles i året. Heldigvis har eg ikkje mista evna til å glede meg til jul. No når eg har kome såpass opp i åra, bør det også vere håp om at denne barnlege forventninga ikkje slepp taket i kropp og sjel. Det er godt å ha noko å sjå … Les meir av Det kan da ikkje vere slik at kvaliteten på jula skal målast i mengde oppbrukt grønsåpe?
Ein landkrabbe i havgapet
Bud med sin ustyrlege nabo Hustadvika. Eit vakkert stykke Norge. Eg kan ingenting om havet. Like fullt bur eg ved havet. Hustadvika er det første eg ser når eg kjem ut av soverommet om morgonen, og det siste eg skimtar før mørket tek dagen frå meg. Livet er ein luring. Eg, ein landkrabbe som ein … Les meir av Ein landkrabbe i havgapet
Endeleg mørketid
Da eg køyrde mine tolv mil til jobb her ein dag, vart eg møtt av såpeglatte vegar med underkjølt regn. Aldri før har eg bruka så lang tid mellom Bud og Sunndalsøra. Eg måtte bremse ned for eit rådyr som sto midt i vegen inne på Skjæret. Det var ikkje mi skuld at det gjekk … Les meir av Endeleg mørketid
Ein dag i eige selskap
Haust på Tæla. Mørket har lagt seg som eit mjukt teppe over Tæla. Med unntak av eit triveleg besøk av kompis og hyttenabo Bjarne i kveldinga, har eg hatt landskapet for meg sjølv i heile dag. Det kviler ein haustleg harmoni over tæl og tind. Ein ro som andre årstider ikkje kan by på. Naturen … Les meir av Ein dag i eige selskap
Dobbel solnedgang og oktoberfred
Nokre få haustdagar er meir magiske enn andre her oppe på Tæla. Det er dei dagane ein kan nyte to solnedgangar frå Tælastuå. Ei eldkule. Først går sola ned bak Fossafjellet, mellom Nonssteinen og den fremste varden. Så, nokre timar seinare, kjem ho fram att i synsranda der Maifjellet på Hjelset møter Fossafjellet. Da har … Les meir av Dobbel solnedgang og oktoberfred