Kommunedirektøren i Surnadal ville gjere kommunen til ein rein bokmålskommune, i alle fall innafor skuleverket. Men saksutgreiinga heldt ikkje mål.
Kategori: Språk
Dagen for å skrive nynorsk
På nynorskdagen 12. mai kan vi slå fast: Nynorsk blir i vår tid bruka av over ein halv million personar i Norge. I global samanheng er nynorsk ikkje noko lite språk.
Når barnet forsvinn saman med badevatnet
Stadig færre ser på lineær TV. Denne endringa i sjåarvanar brukar NRK som argument når dei no har bestemt seg for å legge ned «Eides språksjov». Forklaringa er nok ei heilt anna. Som t.d. at vossadialekta ikkje appellerer til dei som skal sjå fjernsyn i framtida.
Til å få mark av
SPRÅK Språket er i utvikling, heiter det. Nye ord og uttrykk kjem og går. Slik har det vore til alle tider. Men treng vi å akseptere alt det nye? Nei! Truleg har eg i overkant lett for å irritere meg over moteord og -uttrykk som siv inn i språket og blir misbrukt i hytt og … Les meir av Til å få mark av
Tankar frå ein fersk buaværing
Mykje fint å kvile blikket på i Bud. Eg har jobb på Sunndalsøra, hytte på ein seterstøl i Trollheimen og hus og heim i Bud. For ein halvgammal kvennbøgarding byr livet på mykje variasjon og store kontrastar. I snart fem månadar har eg vore buaværing. Om det går an å kjenne seg heime ein stad etter … Les meir av Tankar frå ein fersk buaværing
Ein privilegert redaktør
Utsikt mot Sunndalsfjorden frå hotellglaset. Det er tysdag kveld. Eg residerer på Trædal hotell & turistsenter, som eg vanlegvis gjer ein gong i veka. Bak meg har eg ein arbeidsdag på tretten timar. Ei lang økt, ja. Men eigentleg nokså lystbetont. Eg blir visst aldri lei av dette lokalavislivet. I dag har det rett … Les meir av Ein privilegert redaktør
Når PR-kåte programleiarar står i vegen
Eg køyrer mykje bil. Ein stor del av tida bak rattet brukar eg til å høyre på radio. Mine utvalde kanalar er P2 og NRK Alltid nyheter - med NRK Jazz og P9 Retro som lufteventilar. Kommerskanalane styrer eg unna. Skjermdump frå nrk.no. - Ein skal behandle dei medverkande med respekt og la dei sleppe … Les meir av Når PR-kåte programleiarar står i vegen
Vi som kjempar for språket
Nils Ulvund - ein stor inspirator og vegvisar. Ein laurdag i mars var eg invitert til årsmøtet i Nordmøre Mållag for å halde eit innlegg. At eg på same møtet skulle bli tildelt målprisen for 2017, kom som ei stor overrasking. For å seie det mildt. Men når eg no ein gong har fått … Les meir av Vi som kjempar for språket