Ny påskefeiring på Tæla, der skiføret så å seie er borte. Men ein praktfull påskelaurdag har det vore.
Kategori: Påske
Mellom to hytteturar – tankar i den stille veka
Mellom to opphald på hytta nyt eg den stille veka på heimebane. Det vart to overnattingar på Tæla i palmehelga. Langfredag ber det opp igjen. Da blir vi til tysdag etter påske.
Ny påske på Tæla, og eit stort mål er nådd
Skjermdump frå Sunndal Energi sitt webkamera på Nesøya. Eg går inn på webkameraet til Sunndal Energi, og ser at Sula, Gråfjellet og Bollknubben badar i sol under ein knallblå himmel. Med palmehelga like om hjørnet, er det eit syn eg kan like. Det er torsdag. I morgon går turen til Tæla igjen. Før marsjen opp … Les meir av Ny påske på Tæla, og eit stort mål er nådd
Heimepåske dag 5
Borti Bollknubben er det mykje rart å sjå. Vinteren har gløymt att kvite kyr i fjellet,der beiter dei i grøne hall.Men vårsoli og graset er for sterke,dei magrast for kvar dag. Desse orda tilhøyrer lyrikaren Olav H. Hauge, og utgjer heile diktet «Vinteren har gløymt att». Eg fann diktet da eg sat og las i … Les meir av Heimepåske dag 5
Heimepåske dag 4
Eg forstår at vergudane bestemte seg for å sjå i nåde til oss som er ramma av hytteforbodet. Men no blir det nesten for mykje av det gode. Makan til verpåske veit eg ikkje om eg har opplevd. Det snør her ute i havgapet no i kveld. Ja, det snør visst overalt i fylket vårt. … Les meir av Heimepåske dag 4
Heimepåske dag 3
Eksperimentet heimepåske held fram på tredje dagen. Sidan det skjer lite oppsiktsvekkande å skrive om frå denne rare notida, tenkte eg det kunne passe å bruke dagens epistel til å mimre om tider som var. Eg sat nyleg og bladde i nokre gamle album. Der dukka bilde frå påska 1967 opp. Rett nok står det … Les meir av Heimepåske dag 3
Heimepåske dag 2
Svensk koronaekspertise på skjermen. Vind og regn, ein rygg som kranglar og koronanyheiter som rullar over skjermen i ein uendeleg straum. Ein får ta den langfredagen ein får. Sjølv om det ikkje akkurat er feststemning som rår i skolten - no er langfredag heller ingen festdag - så går eigentleg eksperimentet med heimepåske ganske bra. … Les meir av Heimepåske dag 2
Heimepåske dag 1
Utsyn frå Sæterlia mot Nordviksula skjærtorsdag. Eg vart brått og uventa kasta ut i eit eksperiment. For første gong sidan 1992 skal eg feire påske på heimleg grunn. Eg veit ikkje heilt korleis denne nye situasjonen skal handterast, men er likevel optimist. Skjærtorsdagen har for så vidt gått greit. Det som på papiret skulle vere … Les meir av Heimepåske dag 1