Dette blogginnlegget er ei slags privat oppsummering ved årsskiftet, skrive som eit nyttårsintervju med meg sjølv. Nyttårsintervju med ein deltakar er truleg ikkje så vanleg. Men for ein gammal bladfyk er det godt å for ein gongs skuld vere herre over både spørsmål og svar.
Kategori: Nyttår
Frustrerande detaljar, to skumle grader og ein hardt prøva mann
Det er berre ei veke igjen av januar. Vi har gjort unna mesteparten av denne mørke vintermånaden. Eg registrerer at det meste er som før jul. Årsskiftet utgjorde ingen merkbar forskjell.
2022: Utfordringar, oppturar og ei ustabil verd
Det er tid for å gjere opp status for 2022. Vi i Robinsonmarka 26 lever eit stabilt og enkelt liv. Sjølv om konklusjonen er at vi har det godt på alle vis, baud fjoråret også på sine utfordringar.
2021 sett gjennom mobilkameraet
Vi nordmenn tok i 2020 i snitt 1.800 bilde med mobilen. Dette utgjer 60 prosent av det totale talet på bilde som vart tatt her i landet i løpet av året. Mobilen er med andre ord det fotoapparatet vi nordmenn brukar mest. Sjølv meiner at eg nyttar telefonen til å ta bilde både titt og … Les meir av 2021 sett gjennom mobilkameraet