Frustrerande detaljar, to skumle grader og ein hardt prøva mann

Det er berre ei veke igjen av januar. Vi har gjort unna mesteparten av denne mørke vintermånaden. Eg registrerer at det meste er som før jul. Årsskiftet utgjorde ingen merkbar forskjell. Veret held fram med å svinge i tråd med klimaforskarane sine prognoser, Jonas Gahr Støre sine ministrar trampar rundt i salaten som før og dei norske skihopparane får det ikkje til å klaffe.

På veldig kort sikt er eg mest uroa over det siste. I det lange perspektivet er det klimakrisa som opptar meg mest. Og Støre? Han kjem det litt om til slutt.

For å ta dette med skihoppinga: Marginane er små. Det er heilt utruleg korleis mikroskopiske, usynlege detaljar skil mellom suksess og fiasko. På ein måte er det fascinerande. Presisjon er ein del av eigenarten til denne flotte idretten. På den andre sida kan det vere frustrerande. For oss som ser på, å ja, men sjølvsagt aller mest for tolmodige utøvarar, som legg ned hundrevis av treningstimar på leiting etter den avgjerande justeringa.

I fjor var Halvor Egner Granerud verdas beste hoppar. I år greier han som oftast ikkje å kome blant dei ti beste. Eg og bror Ole Magne stod ringside i Vikersund da Marius Lindvik for to år sidan hoppa bakken ned og vart verdsmeister i skiflyging. Denne sesongen får den same Lindvik ikkje til noko som helst. Det er rare greier.

Granerud og Lindvik har begge opplevd det brå fallet frå triumf til fiasko. Historia viser at det like fort kan snu andre vegen. Eit eksempel på det er nettopp Granerud. For få år sidan var han nær ved å gi opp heile hoppkarrieren. Sesongen etter var han i verdstoppen.

Derfor har eg trua på at nordmennene finn tilbake til gamle takter. Om dei rekk det til skiflyging-VM i Kulm gjenstår å sjå. Men i Vikersund i mars bør dei i alle fall ha funne formen. Da er eg og broderen på plass igjen. Norsk suksess hadde verkeleg smakt.

Så må eg legge til: For to aldrande hoppfanatikarar er ikkje nordmenn på toppen av resultatlistene eit såkalla must. Vi køyrer ikkje til Vikersund for å høyre «Ja, vi elsker», men for å sjå god skihopping. Å følge ein kvart kilometer lange svev på nært hald, er ei estetisk oppleving i ekstremklassen, uansett kva land utøvaren oppå skia kjem frå.

Klimakrisa handlar dessverre ikkje om små marginar og raske snuoperasjonar. Temperaturen stig i takt med dei altfor høge utsleppa av klimagassar. I fjor låg temperaturen på jorda nesten 1,5 grader høgare enn på slutten av 1800-talet. 1,5-gradersmålet som ligg i Cop28-avtalen, er truleg berre ein illusjon.

Kikki Flesche Kleiven, direktør ved Bjerknessenter, karakteriserte i eit intervju med Dag og Tid i desember 1,5-gradersmålet som «ein utruleg naiv del av avtalen». Ho meiner at toget har gått, og at verdas nasjonar no må stå samla i kampen for å hindre at den globale oppvarminga overstig to grader. Det er i seg sjølv ei dramatisk erkjenning. Klimaforskinga viser at to graders global oppvarming er terskelen mellom farlege og ekstremt farlege klimaendringar for natur og menneske.

Uansett kor gale dette kjem til å gå, vil vi som no er pensjonistar sleppe å oppleve dei verste konsekvensane av klimakrisa. Derfor er det tydelegvis, som mange også gjer, lett å gi blaffen eller å avvise at klimatrusselen i det heile tatt finst. Kunnskapsfornekting og konspirasjonsteoriar har gode vektsvilkår i vår tid. Langt inn i stortingssalen, faktisk.

Som bestefar blir eg provosert av slike haldningar. Korleis vil levevilkåra vere for barnebarna mine når dei er komne opp i godt vaksen alder? Det er det spørsmålet som kanskje opptar meg mest ved dette årsskiftet.

«For Jonas Gahr Støre vil det seg liksom ikke», skreiv sjefredaktør Veslemøy Hedvig Østrem i Altinget i ein artikkel nyleg. Det er freistande å seie at dette må vere årets største «understatement» så langt. Ikkje før hadde Støre fått rydda jula ut av statsministerbustaden, så vart regjeringa hans heimsøkt av ein ny skandale. Eg veit naturlegvis ikkje kva som opptar denne hardt prøva mannen mest ved årsskiftet. Men for ein utanforståande blir det nærliggande å tru at han meir enn noko anna ønsker seg ro i rekkene. Eg unner statsministeren at ønsket blir oppfylt, slik at han framover får bruke kreftene på andre ting enn å rydde opp i salatbollen etter undersåttane sine eskapadar.

Eg trur Jonas Gahr Støre treng ei roleg TV-helg med skiflyging no.

Kommenter innlegget