Det er ei stund sidan eg har skrive om musikk på Fintenkjarplassen. På ein novembersøndag kan det passe godt å slå eit slag for den engelske musikaren og komponisten David Sylvian. Han er eit melankolsk musikkgeni som ber mykje av hausten i seg.
Kategori: Musikk
Joik, Melodi Grand Prix og ei mjølkemaskin
Det er visst tid for Melodi Grand Prix igjen. Eg har for lengst slutta å sjå på dette vulgære fesjået, som i våre dagar ligg oseanar unna den opprinnelege ideen om at Melodi Grand Prix skulle vere ein komponistkonkurranse.
Musikalsk møte ein sein kveldstime på Tingvoll
Eg har fleire gongar skrive om musikk og plater som betyr ekstra mykje for meg her på Fintenkjarplassen. Da eg bladde i vinylhylla i dag, kom eg over den du ser bilde av her, «Facing you» med pianisten Keith Jarrett.
Melodi Grand Prix, Vasaloppet og Lars Monsen
Det gjekk berre slik måteleg for dei norske ulvane. Så sat vi der da, eg og Mette. Ho med strikkinga si. Eg med stemmeskjemaet for Melodi Grand Prix framfor meg. Vi hadde bestemt oss: Denne laurdagskvelden skulle vi sjå MGP-finalen. Og vi skulle gjere det skikkeleg. Etter å ha raljert med Melodi Grand Prix i … Les meir av Melodi Grand Prix, Vasaloppet og Lars Monsen
Farvel til ein helt. Ein gong fekk eg bære trommene hans…
To plater som begge er prega av Jon Christensen sitt karakteristiske trommespel. Det var den første jazzkonserten min. Eg hugsar ikkje om det var seinhausten 1972 eller etterjulsvinteren 1973. Det er heller ikkje så nøye. På scenen i aulaen på Tingvoll gymnas spela gitaristen Terje Rypdal, bassisten Sveinung Hovensjø og trommeslagaren Jon Christensen - tre … Les meir av Farvel til ein helt. Ein gong fekk eg bære trommene hans…
Kor mykje liv kan ei LP-plate romme?
Tarkus har vore med meg i snart femti år. Coveret ber preg av levd liv. Spørsmålet datt ned i skolten på meg her ein kveld. Eg har nettopp investert i nye høgttalarar. For å teste ut lyden, sette eg på den plata eg har spelt mest sidan musikken fanga meg tideg på 70-talet: Tarkus med … Les meir av Kor mykje liv kan ei LP-plate romme?
Frå Hafella til Sentrum Scene
Konserten er slutt, og publikum får lov til å fotografere. Nyleg fekk eg oppleve legenda Robert Fripp og bandet hans King Crimson på Sentrum Scene i Oslo. For meg starta eigentleg denne turen i kårstua på garden Hafella i Tingvoll hausten 1972. Her, i ein avkrok ved Stølvatnet, residerte ein av mine musikkinteresserte gymnaskompisar. I dag … Les meir av Frå Hafella til Sentrum Scene