Hyttekos på ein regnfull dag. Om fire dagar skulle vi ha vore på flyet til Kreta. Slik blir det ikkje. Koronaviruset har tatt kommandoen over liva våre. Så i staden sit vi no i hytta på Tæla. Her skal vi vere i åtte dagar. Det er vemodig å ikkje få treffe gode vener - både … Les meir av Sydenturen vart til ei veke på fjellet
Kategori: Hytteliv
Luksus i julikvelden
Livet smiler framleis til eremitten i Tælastuå. Klokka er over ti, og eg feirar Bodø/Glimt sitt poengtap mot Stabæk med ein utsøkt skvett Kveik IPA. Ikkje det at eg ønskjer dette sympatiske laget frå nord noko vondt. Tvert om. Men det finst grenser for alt. Dei må gjerne ta sølv - bak Molde. Det vart … Les meir av Luksus i julikvelden
Så kom regnet – men kva gjer vel det?
Vått og grått. Eg har montert meg i døropninga på hytta. Utanfor silar regnet ned, akkompagnert av ein torsmell i ny og ne. Før regnet kom fekk eg saga ned nokre vedstrangar. Dermed kan eg sitte her og filosofere med relativt godt samvit. Julidag i fjellet. Aleinedag. Ferien nærmar seg slutten. I tre døgn har … Les meir av Så kom regnet – men kva gjer vel det?
Myrullår i emning
Mange stader var 2016 eit myrullår utanom det vanlege. Det er mykje kvitt å sjå i år også, i alle fall her ute ved Hustadvika. På rabbar og myrer lyser det skinande kvitt. Myrulla er ei beskjeden plante. Ho har ikkje så mykje prakt å briske seg med. Men når myrulla løftar i flokk, blir … Les meir av Myrullår i emning
Påskehelga vi ikkje fekk
Påskestemning på Tæla. Det blir ikkje påske på Tæla i år. Eg skal innrømme at det tok litt tid å venne seg til tanken. Men no er alt greitt. Vedtaket om at vi som har hytte utanfor bustadskommunen må halde oss heime er lett å forstå. Ingenting er viktigare enn kampen mot koronaviruset. Verda er … Les meir av Påskehelga vi ikkje fekk
Ein dag i eige selskap
Haust på Tæla. Mørket har lagt seg som eit mjukt teppe over Tæla. Med unntak av eit triveleg besøk av kompis og hyttenabo Bjarne i kveldinga, har eg hatt landskapet for meg sjølv i heile dag. Det kviler ein haustleg harmoni over tæl og tind. Ein ro som andre årstider ikkje kan by på. Naturen … Les meir av Ein dag i eige selskap
Dobbel solnedgang og oktoberfred
Nokre få haustdagar er meir magiske enn andre her oppe på Tæla. Det er dei dagane ein kan nyte to solnedgangar frå Tælastuå. Ei eldkule. Først går sola ned bak Fossafjellet, mellom Nonssteinen og den fremste varden. Så, nokre timar seinare, kjem ho fram att i synsranda der Maifjellet på Hjelset møter Fossafjellet. Da har … Les meir av Dobbel solnedgang og oktoberfred
Livet er ikkje det verste ein har…
Nordmørssommaren kviler tungt over Tæla i kveld. Det har regna, og skodda heng langt nede i fjellsidene. Eg har vore eremitt i Tælastuå sidan laurdag. Ikkje ei levande sjel har eg sett dei to siste døgna. Men like før eg kom hit, hadde ein fjellvandrar fare forbi. Han la att denne lappen i dørsprekken: Den … Les meir av Livet er ikkje det verste ein har…
Ein liten innsats for kulturlandskapet
Vil det vere mogleg å gå over Tæla sommars tid om femti år? Eller har attgroinga gjort det som i dag er eit ope landskap til ein uframkommeleg jungel av kratt og småskog? Når eg vandrar i terrenget her oppe, hender det at slike spørsmål dett ned i hovudet. Den som lever får sjå. Men … Les meir av Ein liten innsats for kulturlandskapet
Forsommartur til Fintenkjarplassen
Etter ein fredag med regn, sludd og vind, kom laurdagen med sol og temperatur til å leve med. Det vart frokost og popquiz - med Finn Bjelke, sjølvsagt - på verandaen og deretter tur til Fintenkjarplassen. Eg bruka god tid på turen opp. Ja, eg la inn ein omveg for riktig å ta inn over … Les meir av Forsommartur til Fintenkjarplassen
