Litt mimring om ei tid da kjøp av nye fotballsko og overgang til kortunderbukse var to vårlege høgdepunkt.
Kategori: Barndomsminne
Slåttonna før i tida: Regnversdagar, mykje folk og mange gode minne
Hesjing. Mange minne frå somrane i barndommen er knytta til dette arbeidet. Dei siste dagane har det regna kraftig. Alt regnet får meg til å tenke på slåttonna før i tida.
Barnetimen for dei minste og ei oldemor
Søndag på kåret hos oldemor første halvdel av 60-talet. Her har ho besøk av Kristine og Peder Øye (son til oldemor) frå Røv, to av dei trivelegaste personane eg visste om i barndommen. Elles ser vi frå v. bloggskrivaren, Bjørn på fanget til Kristine og Ole Magne. 2. juni 2022 er det 75 år sidan … Les meir av Barnetimen for dei minste og ei oldemor
Ferieturar før og no: Frå primus til seks rettar
Mitt første prospektkort. Motivet er Dombås. Snusfornuftig som eg var, prøvde eg å finne eit kort som ga god oversikt. Det var jo uvisst når ein kunne få sjå att ein plass som låg så langt unna. Ferietur. I oppveksten var ordet nesten omgjeve av ein slags eksotisk mystikk. Den årlege bilturen med to-tre overnattingar … Les meir av Ferieturar før og no: Frå primus til seks rettar
Kor fint det er på Eidet!
Vi køyrde over Eidet den siste søndagen i januar. På Kvennbøkrysset stoppa vi for berre å sjå. Min barndoms grend i prektig vinterskrud – det var så utruleg vakkert. Ein gong i tida høyrde rikeleg med snø, kulde og vebju alle vintrar til. Ja, det var så vanleg at folk nok aldri tenkte over kor … Les meir av Kor fint det er på Eidet!
Den finaste fjorden
Hamna på Bølandet - sett frå Settemsøran. Dette var heimen til Kjell Bøe, ein av dei store heltane mine frå det legendariske fotballaget på 60-talet. Bøfjorden er den finaste fjorden på Nordmøre. Ja, han er blant dei vakraste i heile fylket vårt. Eg meiner å kunne uttale meg med ein viss pondus og autoritet. Få … Les meir av Den finaste fjorden
Ski-VM og gamle heltar på eit stykke papp
Seefeld. For meg er staden uløyseleg knytta til vinter-OL i 1964. Innsbruck var arrangørby for leikane, og i Seefeld, som ligg to mil lenger vest, gjekk alle øvingane i nordiske greiner. No skal alpelandsbyen arrangere ski-VM. Gamle idrettsheltar på papp. Skihopparane er øvst frå v. Hans Olav Sørensen, Toralf Engan, Thorbjørn Yggeseth, Torgeir Brandtzæg og … Les meir av Ski-VM og gamle heltar på eit stykke papp
Late dagar, ei øy og ein slåttekar
Det er ein døsig laurdag ettermiddag. Vi er midtvegs i årets Kreta-ferie. Mette har gått opp i leilegheita. Eg vil tru ho sit på verandaen og strikkar. Sjølv ligg eg på ei solseng på stranda i selskap med Edvard Hoem. «Slåttekar i himmelen» er prima ferielektyre. Det er greit å ha god tid når ein … Les meir av Late dagar, ei øy og ein slåttekar
I eige selskap
Idet eg skriv desse linene, startar eg på fjerde døgnet som eremitt. Eg kom åleine fram til hytta tysdag. No senkar fredagskvelden seg over stølen. I morgon har eg tenkt meg tilbake til sivilisasjonen.Eg har levd livet sakte dei siste dagane. For ein som har sprunge om kapp med klokka i over førti år, er … Les meir av I eige selskap
Terror og ei gammeltante
Seks år har gått sidan den vanvittige terroren mot regjeringskvartalet og Utøya.22. juli 2011. Eg hadde ferie og var på Tæla. Det var fredag, og denne kvelden skulle eg i eit vennelag på hytta til Klara og Torbjørn i Kvenndalen.Eg forlet Tælastuå seint på ettermiddagen. Da eg skrudde på bilradioen nede i dalen, forsto eg … Les meir av Terror og ei gammeltante
