Jamnt dukkar det opp minne på Facebook. I dag vart eg møtt av dette bildet av Fossafjellet da eg klikka meg inn på fjesboka. Det er frå 10. april 2016 – andre laurdag etter påske det året. Overskrifta var: «Ein ny fin dag». I år er denne datoen palmesøndag. Vi har fått ein ny dag, … Les meir av Det håplause veret – og litt mimring om påska i gamle dagar
Skribent: Lars Steinar Ansnes
Vårleg idyll, men truande vind frå aust
I det fine vårveret har eg funne meg ein lunsjplass med panoramautsikt mot Hustadvika. Eg er privilegert, som bur berre ein liten trimtur unna herlegdomar som dette. Det er godt å sjå utover havet. Opplevinga er som når eg sit på hytteverandaen og kviler blikket mot store vidder og mektige fjell. I storslått natur blir … Les meir av Vårleg idyll, men truande vind frå aust
På kvinnedagen: Ein hyllest til dei anonyme heltane
Fire av gardane på Kvennbø rundt 1958. Nærast heimen min Utigard (t.v.) og Austistua. Bak ser vi Gjeret (t.v.) og Litj-Kvennbø. Myra er av geografiske årsakar ikkje med på dette bildet. Tradisjonen tru vil kvinnedagen også i år vere fylt av fakkeltog, demonstrasjonstog, folkemøte og andre arrangement med likestillingskampen i sentrum. Eg gratulerer alle kvinner … Les meir av På kvinnedagen: Ein hyllest til dei anonyme heltane
OL i Kina er over – no er det på tide med ein ekte vinteridrettsfest
Cortina d'Ampezzo. Postkortet vart kjøpt for 35 år sidan. Etter tre OL på stader som ikkje har noko med vinteridrett gjere, kan vi begynne å gle oss til OL i Cortina d'Ampezzo og Milano i 2026. Den italienske alpebyen Cortina d'Ampezzo, som også arrangerte vinter-OL i 1956, er rik på vintersportstradisjonar. Det ligg an til … Les meir av OL i Kina er over – no er det på tide med ein ekte vinteridrettsfest
OL-fest og ein pensjonist sine samtalar med hjernen
To skjermar her. Den tredje var opptatt med fotografering av dei to andre. Pensjonistlivet er ei praktisk ordning. Ikkje minst når det er OL. Spesielt vinter-OL har alltid interessert meg. På travle arbeidsdagar opp gjennom åra har det ikkje vore så enkelt å få med seg alt. No er den tida over. Eller rettare sagt: … Les meir av OL-fest og ein pensjonist sine samtalar med hjernen
Gode NM-minne – og ein streng doktor
Johan Sætre leverte to nær perfekte hopp under NM i 1982. Foto: Stein Berg, Østlendingen. (Bilde frå Nasjonalbiblioteket sitt arkiv). Etterjulsvinteren 1964 hadde eg gledd meg i mange veker til å sjå hopp-NM på fjernsynet. Så vart eg sjuk og sengeliggande. Frykta spreidde seg verre enn feberen i kroppen. Ville eg kome meg opp av … Les meir av Gode NM-minne – og ein streng doktor
2021 sett gjennom mobilkameraet
Vi nordmenn tok i 2020 i snitt 1.800 bilde med mobilen. Dette utgjer 60 prosent av det totale talet på bilde som vart tatt her i landet i løpet av året. Mobilen er med andre ord det fotoapparatet vi nordmenn brukar mest. Sjølv meiner at eg nyttar telefonen til å ta bilde både titt og … Les meir av 2021 sett gjennom mobilkameraet
Draumen om ei sakte adventstid
Julegata på Øra 1965. Foto: Arnt Bergheim. Inni meg har eg alltid hatt ein tanke om å få leve adventstida sakte. Det er ein draum om ro og forventning. Her i huset er vi no to pensjonistar. Eg køyrer ikkje lenger over tusen kilometer i veka for å kome meg til og frå arbeid. Kveldsarbeidet … Les meir av Draumen om ei sakte adventstid
«Tenn eit lys og finn fram ei god bok. Ja, gjer noko som er unyttig»
Det er siste formiddag i november. I morgon går vi inn i julemånaden, med alt det som den har å by på - frå julegåvekjøp og trivelege tradisjonar til meir trivielle gjeremål som vasking og anna styr. Utanfor vinduet lavar snøen ned. Bud er pynta i kvitt. Innandørs går pensjonistlivet på låggir. Vi har gjort … Les meir av «Tenn eit lys og finn fram ei god bok. Ja, gjer noko som er unyttig»
Hyttesesongen 2021: Mette klarte det!
Eit mål er nådd. Mette tilbake på Tæla! Hyttesesongen på Tæla er alltid fylt med små og store høgdepunkt. I år var det ingenting som toppa 8. juli, da Mette gjennomførte den første hytteturen etter kneoperasjonen. Ho hadde jobba lenge for å nå dette store målet. For ei glede det var, etter ein lang vår … Les meir av Hyttesesongen 2021: Mette klarte det!