Mimring over ei gammal hyttebok

Det ligg mykje historie i gamle hyttebøker. På ein stille styggversdag, har eg trøydd tida med å lese dagboksnotatane frå dei åra da Ane og Peder Kvendbø bygde hytta vår, Tælastuå. Ane og Peder starta med hytteprosjektet sitt tidleg på 1950-talet, da dei fekk overta fjøset som høyrde til setra på heimgarden min. Peder reiv … Les meir av Mimring over ei gammal hyttebok

Verdiskaping, fanfarer og sprøe netter

Atlanterhavsspelet blir oppført for tredje gong i 2023. «Når festen opnar, festivalen opnar blir namnet på ein by i vest fanfare: Til Molde! Klangen dirrar gjennom sprøe netter». Slik opna forfattaren Edvard Hoem for mange år sidan si helsing til Moldejazz. Festivalen i Molde, verdas eldste jazzfestival i kontinuerleg drift, er sjølve flaggskipet blant festivalane … Les meir av Verdiskaping, fanfarer og sprøe netter

Dei fann meininga med livet i villmarka. Kanskje vi andre har noko å lære?

Og tror du det var ensomt å ferdes slik alene der skog og tundra sprer seg krevende og vill. Da feiler du min kjære, for det er blant mennesker at ensomhet blir til. Orda tilhøyrer den store oppdagaren, forskaren, friluftsmannen, arkeologen og forfattaren Helge Ingstad. I 1925 braut han opp frå ein innbringande advokatpraksis på … Les meir av Dei fann meininga med livet i villmarka. Kanskje vi andre har noko å lære?

Ny påske på Tæla, og eit stort mål er nådd

Skjermdump frå Sunndal Energi sitt webkamera på Nesøya. Eg går inn på webkameraet til Sunndal Energi, og ser at Sula, Gråfjellet og Bollknubben badar i sol under ein knallblå himmel. Med palmehelga like om hjørnet, er det eit syn eg kan like. Det er torsdag. I morgon går turen til Tæla igjen. Før marsjen opp … Les meir av Ny påske på Tæla, og eit stort mål er nådd

Eventyrleg oppussing (4): Ei høyløe, snart halvvegs og ymse anna

Ei gammal høyløe. Ei til ligg litt skjult i skogen til venstre. Plutseleg var halvparten av opphaldet her på Røros unnagjort. I alle fall nesten. Laurdag klemte eg inn ein svipptur over riksgrensa mellom frokost og middag. Det vart ei flott utflukt i eit eventyrleg vinterlandskap. På tilbaketuren tok eg meg tid til å køyre … Les meir av Eventyrleg oppussing (4): Ei høyløe, snart halvvegs og ymse anna