
Det såg så lyst ut for 35 år sidan. Berlinmuren fall, kommunismen kollapsa, og mange års vanvittig opprusting vart snudd til nedrusting. Alle som opplevde tøveret i aust, utløyst gjennom sovjetleiaren Mikhail Gorbatsjov sin reformpolitikk, kunne kjenne på at verda gjekk i ei tryggare retning.
Slik vart det også i mange år. Men historia har ein tendens til å gjenta seg, om ein ikkje passar på. Når vi no markerer 80-årsjubileet for frigjeringa av Norge etter 2. verdskrig, skjer det i skuggen av ein sikkerheitspolitisk situasjon som har vorte den farlegaste og mest ustabile etter 1945.
Den nasjonale sikkerheitsstrategien, som statsminister Jonas Gahr Støre la fram 8. mai, speglar dette. Statsministeren beskriv forsterka truslar frå Russland og Kina. Han snakkar om behovet for rask opprusting – og seier rett ut at også vi nordmenn må vere førebudde på krig.
Kven kunne for berre få år sidan tru at vi skulle få høyre slik tale frå den norske statsministeren ved 80-årsjubileet for frigjeringa?

Ved sida av trusselen frå aust, har vår næraste allierte på den andre sida av Atlanterhavet fått ein president som i stor grad bidreg til å auke ustabiliteten i verda. Donald Trump utfordrar den etablerte verdsordenen, leflar med Putin og driv ei målretta demontering av det amerikanske demokratiet. Av alt vi opplever no, er kanskje det mest uverkelege at USA har fått ein president som sjølv NATO-landa ikkje lenger kan stole på.
Stadig færre menneske lever i eit demokrati. Det skulle ha vore motsett. Dei liberale demokratia er på vikande front, medan autoritære krefter vinn terreng. Ifølge Democracy Index frå Economist Intelligence Unit for 2024 kan 24 land reknast som fullverdige eller fungerande demokrati, med Norge, New Zealand, Sverige og Island på topp. USA, som likar å kalle seg verda største demokrati, kjem på 28. plass.
Nok om dei mørke skuggane. Frigjerigsjubileet må ikkje få drukne i mismot. Håpet om ei betre verd kan aldri døy. Vi skal heidre dei som ga alt i kampen mot tyranniet – for fred og fridom. Norge mista 10.262 menneske under 2. verdenskrig. 3.800 liv gjekk tapt i den norske handelsflåten. I kampane i april og mai 1940 ga 853 nordmenn livet sitt. Av 2.100 jødar i Norge døydde 760 i løpet av krigen.
Fred og fridom er noko vi ikkje har fått utdelt for alltid. Det kan vere verdt å reflektere over at 80 år etter fredsvåren bles det atter brunskimra og nasjonalistiske vindar over Europa – Norge inkludert. Vi må passe på. Ikkje berre i høve til alt grumset som flyt i kommentarfelta, men like mykje når det kjem til den fint innpakka nasjonalismen som i dag har gode kår innanfor fleire politiske parti her i landet.

da ska e dit å hør kår bekkjinn søng.
Eg meiner 8. mai fortener ein langt høgare status enn det dagen har no. 8. mai er offentleg flaggdag. Den burde også hatt raud farge i kalenderen. Og ein ting til: Når vi no straks skal feire 17. mai til minne om Grunnlova, kan det vere på sin plass å tenke over at utan seieren over nazi-Tyskland, hadde det vore dårleg med fest og feiring denne dagen. 17. mai ville ha vore ein heilt vanleg kvardag, truleg i eit Norge under tysk herredømme.
Lat oss minnast alle dei som deltok i kampen mot nazistane, og ikkje minst dei som ofra livet, med respekt og takk!
Dette blogginnlegget er tidlegare publisert som ein kommentar i lokalavisa Hustadvikingen.