Påskesnøen forsvann, men livet lever

Det gode liv på Tæla.

Det er påskeaftan på Tæla. Sola står framleis høgt på himmelen. Ho gir lys og varme til eit uvanleg snøfattig landskap. Eg har aldri sett noko likande før. For første gong feirar eg påske i Tælastuå utan å ha med ski. Likevel: Livet lever.

Det har vore ein rar vinter, med mildvêr og lite snø. Den årlege skutertransporten med proviant let seg ikkje gjennomføre Dermed bar det tilbake til gammeltida og bruk av muskelkraft.

Eg kom fram til hytta i går kveld, etter å ha gått seirande ut av ein nærkamp med ein tjue kilo tung ryggsekk. Som bonus fekk eg ein liten kilometer ekstra, da eg eit stykke oppe i lia konstaterte at mobilen låg att i bilen. Den måtte hentast. Det var ikkje anna råd.

Slik har eg aldri sett Tæla før på denne tida av året.

Tjue kilo er kanskje ikkje all verda. Men når sekken skal fraktast i nærare tre kilometer og terrenget stig med tre hundre høgdemeter, er det i alle fall ei bør ein kjenner godt. Ikkje er eg tretti år lenger, heller.

Det tok litt tid. Men kroppen ga gode svar, som toppidrettsutøvarane seier. Og det er det viktigaste.

Påskelaurdagen har vore praktfull. Det vart ein liten lunsjekspedisjon i området aust for hytta. Elles har eg dyrka det gode liv på terrassen, takksam for at livet framleis byr på opplevingar som dette.

Selja ved hytta er godt igang med å førebu sommaren.

Kommenter innlegget