Fotballsko og kortunderbukse

Frå oppveksten hugsar eg spesielt to høgdepunkt knytta til våren. Det eine var da eg kunne ta nye fotballsko i bruk. Det andre var da vår omsorgsfulle mor fann tida inne til at vi gutane kunne byte ut den lange, kvelande underbuksa med ei kort ei.

For å begynne med fotballskoene: Lite kunne måle seg med eit par nye fotballsko. Vi bruka dei kvar dag i nesten eit halvt år, anten vi spela fotball eller ei. For eigen del sparka eg veldig mykje fotball i oppveksten. Ute på tunet i Utigard Kvennbø rasa det dagleg endelause kampar, frå snøen gjekk til tele og snø meldte seg. Det var ikkje nødvendig med plenklippar. Graset var sjanselaust.

Kvart einaste friminutt på skulen gjekk det også i fotball. På Øye skule var fotball heilårsidrett. Om vinteren spela vi på snø og holke, iført vintersko eller støvlar. Når våren kom, og vi endeleg kunne ta på fotballsko, skjedde det noko med spelegleda og sjølvtilliten. Med eitt kjente vi at pasningar og skot sat betre. Fintene gjekk lettare og kampane vart enda meir intense.

I mi tid på barneskulen fanst det knapt ein gutunge som ikkje gjekk i fotballsko. Om ein var litt forsiktig – noko vi ikkje var, kunne eit par vare frå mai til ut på hausten. Men som regel heldt det hardt. På seinsommaren begynte knottane å bli nedslitne. Etter kvart gjekk det også hol både her og der på det medtatte overleret, som var laga av bomullstoff.

Fotballskoene var ikkje husmødrene sin beste ven. Skoene hadde nemleg den leie eigenskapen at dei dro med seg mykje lort inn i huset. Eg ser enno for meg flaka av sand og gjørme som låg att etter oss på kjøkkengolvet, forma som sålen på ein fotballsko og gjennomhola av knottar. Det var ikkje spesielt populært, nei. Men «uhellet» hadde ein lei tendens til å gjenta seg. Gong etter gong.

På 60-talet var stillongsen enno eit klesplagg som først og frem kvinner og jenter bruka. Gutane heldt seg stort sett til den gammaldagse, kvite underbuksa, før dei etter kvart også sprada rundt i moderne stillongsar.

Å skifte til kortunderbukse ga ikkje berre ei form for fridom. Det medførte status. Ein vart liksom litt meir til kar. Å vere først ute om våren tok seg bra ut, spesielt i gymgarderoben. Ved pulten kunne ein passe på å plassere beina slik at det vart ei glipe med berr hud mellom sokkane og kanten på buksa. Det var eit sterkt signal til dei sinkene som enno sat og sveitta i kvit makko.

For eigen del vart eg aldri fortruleg verken med den tradisjonelle langunderbuksa eller stillongsen. Kor mange gongar eg har hatt slike plagg på kroppen etter at eg fylte tjue år, kan teljast på nokre få hender.

Eg hugsar spesielt godt ein av dei gongane eg måtte krype til korset. Det var i januar 1979, da eg dekte ski-NM i Rindal for Romsdalsposten. Kvikksølvet kraup godt under tjue grader.

Første øving var herrestafett. Eg stod fleire timar ute i snøen og tok bilde – utan stillongs. Det var like før eg fraus i hel. Eg måtte berre innrømme det, om ikkje anna for meg sjølv. Så før neste renn, som var 5-mila, vart det ein tur til samvirkelaget på Skei for å kjøpe stillongs. Det vart eit kvitt eksemplar, med blått mønster. Eit uforgløymeleg plagg, ret og slett. Handelen var eit nederlag. Så må det, i all rettferd, leggast til at den heslege nyinvesteringa heilt sikkert redda meg frå evig blærekatarr. Under 5-mila var det nemleg enda kaldare enn under stafetten.

I dag er det ingen som kjøper fotballsko til meg, og gleda over å kaste langunderbuksa er berre eit fjernt minne. Så kva har eg att av våren? Ikkje så veldig mykje. Eg har aldri vore noko vårmenneske, av ein eller annan merkeleg grunn. Så derfor er det kanskje ikkje så rart at mine vårlege høgdepunkt no er skiturane på Tæla i april og mai.

Dei som står med rauva i veret og grev i jorda, forstår ingenting av dette. Det er nok fordi dei aldri har opplevd det magiske skiftet til kortunderbukse eller spela fotball i Viking Proff fotballsko.

Kommenter innlegget