
Eg har lagt merke til at den nye elvepromenaden langs Surna er eit populært tilbod i bygda. På ein gråkald januardag nyleg gjorde eg sjølv ei vandring i området.

Det finst tusenvis av turstiar i Norge. Til saman er dei eit enormt folkehelsetiltak. Ein kan like det eller ikkje. Men faktum er at litt tilrettlegging bidrar til å lokke folk ut av godstolen.

Frå loftsstua heime i Bud ser vi rett ned på ein sju kilometer lang kyststi. Det er folk som går der både seint og tidleg. Ivrige trimmarar er heller ikkje nøye på veret. Dei gjer noko så enkelt som å kle seg etter forholda. Eg registrerer at akkurat det same skjer på elvepromenaden i Surnadal. Det er alltid nokon som er på tur.

Da eg vaks opp, bruka folk naturen stort sett berre når dei hadde eit ærend. Det kunne vere eit dyr på utmarksbeite som trong tilsyn, bærplukking eller jakt. I våre dagar er mosjon og bruk av naturen ein viktig del av fritida til mange. Det er positivt at så mange kommunar er villige til å bruke pengar på å stimulere denne interessa for å kome seg ut og bruke kroppen. Elvepromenaden langs Surna er ei investering i helse, trivsel og bulyst, som på sikt kjem til å gi god avkastning.

Da eg kom meg inn i varmen igjen etter denne første utprøvinga av elvepromenaden, kjende eg at dette freista til gjentaking. Eg ser fram til fleire turar, ikkje minst når vårsola atter skin i høgste Svealiå og ein kan gle seg over lukt tå gras kring alle haua.

Eg tok med kameraet på jomfruturen. Det vart ein del bilde. Nokre av dei ser du no i dette blogginnlegget. Driv ein med litt fotografering, blir turar med og utan kamera to heilt forskjellige ting. Å lukkast med eit fint bilde er i seg sjølv ei glede. Men den aller viktigaste effekten av å ha med kameraet på tur, er at ein ser alt rundt seg på ein annan måte. Ja, ein ser mykje meir enn kva ein elles ville ha gjort.
Eg såg ei idyllisk elv, ein fint opparbeidd sti og ei staseleg bygd. På min veg møtte eg også trivelege folk. Det var ein minneverdig tur.
