Prolog til fintenkjarkvelden

Det er ikkje alle som blir gjort stas på med ein prolog. Eg var så ufortent heldig å få opplevde dette, da boka mi vart presentert på fintenkjarkvelden i Myrvang før jul. Prologen var forfatta av min gode venn Torbjørn Polden, som opna kvelden med å lese opp prologen.

Det vart no så reint for mykje. Eg får å seie som senterpartilegenda Jon Leirfall, da han takka for dei mange fine talane på 70-årsdagen sin. Leirfall sa seg glad for godorda, men la også til: «Da æ hørd på dokk så kom æ te å tænk på oinner krigen ein dag da vi fekk høyr at enkelskmenner’n va gått i lainn utpå Ørlainne. Vi vesst at det va ikkj sainnt, men de va no arti å hør det læll». …. Uansett, Torbjørn: Takk for fine ord!

Her er prologen. Eg legg den ikkje ut her fordi eg er så frykteleg PR-kåt, men for å vise at Torbjørn er ein kunstnar til å ordlegge seg.

Til Lars Steinar

Gratulerer med boka om tanka frå Fintenkjarplassa.
Det e ikkje sikkert alle finn fram dit ette kompassa.
Nei, svaret e vel eigentleg langt ifrå einarta
å kan vare kvar som helst på verdenskarta.

Vi starta hopehavet i 2007.
Ja, åra går fort – det e ikkje te å tru.
Du va fagmannen å måtte ta børå
med å halde han Erling å me ette ørå.
Det va om å gjere å finn att «sjæla»
frå aktivitetain så va rundt Kvennbøtæla.

Som du sjøl mang gong ha sagt:
Det va da grunnlaget vart lagt.
Men at du va i slik stemning –
at ein blogg va i emning,
det va vi ikkje innforstått med,
men vesst vel at det kunna skje.

Utgangspunktet e godt forankra i lokale tradisjona
å kultur frå eit stødig miljø med rot i generasjona.
Ei historie så ha forma oss gjennom mange år,
å kunn varra strevsam ut frå vanskelege kår.

Du ha funne fram te vårt eige enkle opphav.
Der lite dreidde seg om luksus å sosietetskrav.
Kvardagsmenneske som ha eit nøktert levesett.
Fritt for bilkøa å reise med flytog å jumbojet.
Om folk som sett småe fotavtrykk i klimakriså –
slike problem såg dem ikkje ein gong i aviså.

Uteaktiviteta vart tidleg ein del tå oppveksten.
Ski å fotball va den mest vanlege teksten.
Ein tur med familien til tæla å «skihøttå»,
kunne vel å langt på veg gjer sommå nøttå.

Ja, du ha allveg haft interesse for allslags sport.
Spesielt hopp, men å for dem så kunna gå fort.
Fleire idrettsutøvara ha ført te mang ei triveleg stund –
enda det e langt frå Utigardsbakkå te Vikersund.
Om det va prestasjona så ha gjeve deg gåsehud,
mått det varra Wirkola, Brandtzæg og Granerud.  

I musikk ha du haft mange store opplevelsa.
Ja, på mange kjente namn ha du fått helsa.
Arven ha du fått mest frå gammeldans å brass,
men sjøl ha du følt mest for popmusikk å jazz.

Musikkinteresså kan vi sei spenne vidt; ja, kjære vene.
Det e ein bit frå bandopptakar på Hafellå te Sentrum Scene.
Eit tå høgdepunkta va da du å bror Ole Magne va sammen
å høyrde Procol Harum på ein «livekonsert» i Drammen.

Du ha fortalt at du ha ete deg mett i meir enn tjue land.
Særleg ha du lagt din elsk på Kreta si solfylte strand.
Du ha ailder bygd deg stengsel å følt deg innmura,
men søkt ut å funne impulsa frå are kultura.
Det ha ført te refleksjona å ettertanka –
ikkje minst etter opphald på Sri Lanka.    

Vi ha båe fått ein ny sjanse i vårt liv!
Nå så gjer at vi kan sett ting i perspektiv.
Å e i stand te å bedømme ka så e viktigast tå alt,
når det va å kom seg vidare i tilværet som gjaldt.

Men med hensyn te litt vanskar te tross,
så ha det da gått utruleg bra med oss –
å e glad for mulegheita vi ha fått for kvar ny dag,
te å arbeide for å gi framtida vår eit nytt lite bidrag. 

Du ha skifta ut Kvennbølandet med sjø og færing,
å etablert deg ved Hustadvika som «Buaværing».
I eit samfunn der du ha funne deg godt te rette –
ikkje minst på grunn av din betre halvdel; Mette.
Sjølv om tradisjonane her kjem mest frå hav å fisk,
kan mangt samanliknast å varra mykje godt identisk.

På ein setervoll på Tæla ha du funne din favoritt.
Mange vil kanskje kall deg for ein eremitt.
Men du tykkje du har behov for slike stunde –
der inspirasjon å livsverdi kjem fram å bli funne.
Spennet mellom det primitive å det moderne livet
sett tankane i sving å kalla fram det kreative.

Ja, her myllå Middagshaugen å Fossafjella, på flate høgda,
der Fossåa auka farten å stupa seg ned mot Lykkjebøgda.
Ha ho Mette å du funne eit eige paradis.
Der di held stølen fri for kratt å bjørkeris.
For om du trivst åleine vil du ikkje «bestride»
at du aller helst vil ha Mette ved din side.

Det e prisverdig at di held historiå i hevd.
å gjer honnør på dem så før her ha strevd.
For mange e ta her no mesta berre ein talemåte.
Annleis var det for dem så var her å sette såte.

Tælastuå har sitt opphav frå det leite
da krøttera vart sleppt ut på fjellbeite.
Det e utruleg bra di vil gi ære å «heder»
på dem som bygde her; ho Ane å’n Peder.

At du vart avismann va vel ikkje så heilt opplagt.
Men du va engasjert med språk å ha ordet i di makt.
Slik som ein kunstmålar ha du utøvd ditt talent –
der penselen e utskifta med det så kom på prent.

Som redaktør ha du fått utløp for din profesjon.   
Du ha å allveg vårre klar over din eigen posisjon.
At du e god te å formuler ord ha vi vesst for lengst,
men å at pennen kan vere skarp om det trengst

Mange aviså ha nytt godt tå at du e skrivefør,
men å Stangvik historielag å «Jul på Nordmør». 
I 2017 fekk du tildelt Mållaget sin målpris;
for språkvalet du ha bevisstgjort i Aura Avis.
Året færre di va du i lag med å to are lokale skribenta
på Kleiva å fekk ein utmerkels så langt ifrå va forventa.

I bloggen din ha tankane fått fritt spelerom –
alt med bakgrunn i identitet å livsvisdom.    
Du fabulera om det meste som skjer i verda
Med erfaring frå mange inntrykk på livsfera.
Så lykke te vidare med skrivinga min gode venn!
Håpa vi får sjå meir frå din velsmurde penn.

Kommenter innlegget