
Ein bokannonse på nettet fanga mi merksemd. Få dagar seinare var boka i hus. «Alene med vidda» av Peder W. Cappelen gjer ikkje så mykje av seg, ytre sett. Ho er i A5-format, ja faktisk enda litt mindre. Eit sidetal på rundt 150 er heller ikkje avskrekkande.
«Alene med vidda» er ein klassikar innanfor norsk naturlitteratur. Eg må innrømme at eg berre så vidt hadde høyrt om boka før. Etter å ha lest ho, er eg glad for at eg stoppa opp ved annonsen. Ja, ikkje berre glad. Dette var ei lesaroppleving langt forbi det eg hadde forventa.
Peder W. Cappelen (1931 – 1992) var forfattar, dramatikar og forleggar, med eit sterkt og nært forhold til naturen. I 1964 ga han ut «Alene med vidda», etter å ha budd fleire månadar åleine i ei lita hytte ved Skjerhøl langt inne på Hardangervidda.
Gjennom opphaldet blir Cappelen eitt med naturen, både fysisk og mentalt. Han lyttar, ser og lever sakte. Dette omsett han i ei skildring som på same tid er både intens og stillferdig, kledd i eit særs elegant språk. «En reinsklatt krysser Lågen der nede. I kikkerten ser jeg flokken stige opp på bredden. Dyrene damper i vårsolen, og de rister seg så dråpene danner regnbuer rundt dem. Slik møter jeg årstiden, i noen forte øyeblikk har jeg felles åndedrett med fjellet».
Cappelen let seg fascinere av meir enn den mektige naturen. I eit kapittel skriv han om lyden, eller rettare sagt, den lyden som ikkje finst. Men så har også stilla lydar, finn han ut etter kvart. «Sakte venner ørene seg til, og ut av stillheten kom nye lyder, enkle og uformidlede – små begivenheter i fjellødet. Et fuglefløyt, en vind løper i gresset og fjerne bølgeslag når øret som et mykt press».
Under lesinga av denne boka begynte eg å tenke på Knut Hamsun. Hamsun var ikkje ein som oppsøkte villmarka. Likevel var han ein meister til å skildre naturen. Dette finn ein i mange av romanane hans, som t.d. i «Pan». «Pan» var pensum da eg i si tid studerte norsk. Eg hugsar at eg las boka tvers igjennom, praktisk tala utan å vere oppe frå stolen. Eg fekk noko av den same kjensla under lesinga av «Alene med vidda».
Eg nemnte språket til Peder W. Cappelen. Han sløsar ikkje med orda. Til gjengjeld er dei som står viktige og heilt avgjerande for innhaldet. Det er kva eg kallar ekte skrivekunst. Å formidle ein bodskap gjennom få ord, er mykje meir krevjande enn å skrive ordrikt og langt.
«Alene med vidda» er delt inn i 15 kapittel. I tillegg har biolog og professor Dag O. Hessen skrive eit forord. Kapitla er korte, ein del av dei på berre ei side. Med Cappelens poetiske språk fungerer dette heilt glimrande, for ikkje å seie fengslande. Dei små epistlane blir som språklege naturmåleri, heilt ulikt storslåtte skildringar av halsbrekkande klatreekspedisjonar og skiturar i polare strøk. I forordet skriv Hessen: «… ingen kan beskrive naturen og naturopplevelsene med et slikt blikk og en slik inderlighet ved et litterært talent alene, det kreves også et sanseapparat som er innstilt på å se det store i det lille, og som kan leve det rike liv med enkle midler».
«Alene med vidda» er eit meisterverk, som alle naturelskarar vil ha utbytte av å lese. Folk som vandrar i fjellet, om ikkje så langt og så lenge i gongen som Peder W. Cappelen, vil kunne kjenne seg att i desse tekstene. Boka er smakfullt illustrert av den legendariske Dagbladet-teiknaren Gösta Hammarlund.
