Kvitt på ein svart dag

Den svarte fredagen, Black Friday, starta kvitt og fint i Bud. For eigen del skal eg ha ein «kvit dag» også når det gjeld handel. Bortsett frå nokre småinnkjøp, får bankkortet kvile. No skal det innrømmast at dei fleste av mine dagar er handlefrie. Eg kjøper stort sett berre det eg treng. Når eg så bevisst held meg borte frå butikkane akkurat i dag, er det mest i stille protest mot ein forbruksfest som vi kunne ha vore forutan.

Mykje er billig på Black Friday. Og er det no slik at TV-apparatet eller kjøleskapet ditt klikka i går kveld, så for all del, gå og kjøp nytt på tilbod i dag. Det skulle da berre mangle. Å handle nødvendige varer til nedsett pris, er ei ærleg sak. Så får rentehøvdingen i Norges Bank berre uroe seg over at det påverkar ein tilsynelatande ukontrollerbar inflasjon.

Den grunnleggande ideen med Black Friday er å få oss til å kjøpe meir av det vi allereie har nok av. Det beste for lommeboka er derfor å halde seg heime denne dagen. Når du kjøper ei unyttig vare som er nedsett frå tusen til fem hundre kroner, har du ikkje spart ein halv tusenlapp. Du har tapt fem hundre kroner. Kanskje er eg ein særing, som meiner dette. Men det får stå sin prøve. Eg brukar berre ei bukse, ei skjorte og eitt par sko om gongen. Det påverkar handlemønsteret mitt. Faktisk meir enn godt er, vil du nok få til svar. Om du spør ho eg bur saman med.

Black Friday, og andre liknande forbruksfestar, er heller ikkje bra for kloden. Overforbruket vårt er eit vesentleg bidrag til den globale oppvarminga. Kles- og skoindustrien står åleine for åtte prosent av klimgassutsleppa. Det utgjer meir enn luftfart og skipsfart til saman. 60 prosent av alle klede i verda blir kasta innan eit år etter at dei er kjøpt. Det bør, i det minste, vere tal til ettertanke.

Så får alle gjere som dei vil. Dette blogginnlegget er mine høgst personlege meiningar. Kor mange som applauderar er eg usikker på, og ikkje minst når eg i tillegg seier at det er triveleg å vakne til eit kvitt buavær på denne svarte fredagen. Eg plukkar fram ei strofe frå songen til Jokke & Valentinerne:

Her kommer vinteren
Her kommer den kalde fine tida
Her kommer vinteren
Endelig fred å få

Eg forstår godt kva dei meiner. Det har sikkert noko å gjere med at eg kjem frå ein stad der vi i barndommen gjekk på ski frå november til april. Som gutar tykte vi at det var den beste tida på året. Som godt vaksen, har eg vel enno ikkje forandra meining.

Og sanneleg er det ikkje ei strofe i songen til Jokke som lyder slik:

Har du et kjøleskap,
Har du en TV,
Har du alt du trenger for å leve, for…

Jokke, med det eigentlege namnet Joachim Nielsen, døydde i år 2000. Han fekk aldri oppleve Black Friday. Men Nielsen skreiv, utan å vite det, ein song som etter min smak passar usedvanleg godt på ein fredag seint i november 23 år etter.

Straks køyrer eg til Elnesvågen. Det blir ein tur på kafe for å ete lunsj og sjå på folk, pluss ein liten vending for å skaffe påfyll til den pågåande juleølsmakinga. Eg må i tillegg kjøpe ei ny lyspære til ventilatoren over komfyren på kjøkkenet.

Alt dette burde vere innafor, og utan risiko for at eg skal bli skulda for dobbeltmoral. Trur eg.

PS. No er eg heime igjen, og den nye lyspæra er på plass. Da slutta ventilatoren å virke. Ein svart dag.

Kommenter innlegget