Den dagen vi sluttar å bry oss, banar det veg for karar som Putin, Trump og andre galningar

VALKAMP

Heile ni parti stilte til dyst i Aura Avis sin paneldebatt.

Antidemokratiske krefter, med forbrytarar som Vladimir Putin og Donald Trump i spissen, er på frammarsj i verda. Færre menneske enn på lenge lever under eit demokratisk styre. Denne situasjonen gjer at sofapartiet i år er eit særs dårleg val. Lenger ned skal eg begrunne påstanden. Men først eit tilbakeblikk.

Hausten 1977 dekte eg som 21 år gammal journalist min første valkamp for Romsdalsposten. Sjølve debuten som politisk reporter skjedde på eit møte på Nordmøre Folkehøgskule i Surnadal, der Hans Hammond Rossbach frå Venstre var foredragshaldar. Eg hugsar ikkje så mykje frå møtet, anna enn at Rossbach var ein veldig triveleg kar. Som journalist og redaktør møtte eg han fleire gongar seinare.

Odvar Nordli var statsminister ved stortingsvalet i 1977. Valresultatet gjorde at regjeringa hans fekk halde fram. Med hjelp frå SV, som fekk inn to representantar, skaffa regjeringa seg det nødvendige fleirtalet i Stortinget.

Held stand

Sidan 1977 har eg dekt alle stortings- og lokalvala fram til i dag, dei to siste som pensjonist. Det blir 24 i talet. I år har eg hjelpt til i mi gamle avis, Aura Avis, med nyheitssaker og kommentarar knytta til valet. No sist måndag leia eg avisa sin paneldebatt på Sunndalsøra saman med arvtakaren min i redaktørstolen, Ingrid Ellevset. Det var eit artig oppdrag, som eg tykte både politikarane og vi som ordstyrarar kom brukbart ut av.

I løpet av dei 46 åra som har gått sidan 1977, har både politikken og forma på valkampane endra seg. Men dei tradisjonelle paneldebattane held stand. På Sunndalsøra har det vore fleire enn nokon gong i år. Eg ser at tradisjonen lever i beste velgåande også i andre kommunar. Det er positivt, i ei tid der dei store mediene elles dominerer både lokal- og stortingsvalkampane.

Aura Avis fekk skulda

24 valkampar har skapt mange minne. Ja, så mange at det ikkje er så lett å plukke ut det ein kan kalle høgdepunkt. Men eg kan nemne dei åra eg jobba i avisa Fylket, og NRK Møre og Romsdal inviterte politikarar og pressefolk til valvake i redaksjonslokala i Ålesund. Det var både triveleg og interessant å vere med på. Valnatta i 2003, da Ap for første gong etter krigen tapte ordførarmakta i Sunndal, skil seg også ut. Det vart nokre hektisk timar da det utenkelege faktisk var ein realitet. Eg hugsar at enkelte Ap-veteranar, nokså utilslørt, ga Aura Avis skulda for at det gjekk gale. Avisa si binding til Arbeidarpartiet var for lengst historie i 2003. Vi behandla samtlege parti likt, både når det gjaldt journalistisk arbeid og det å ta inn lesarbrev. Det fall ikkje i god jord hos dei som ikkje forstod at partipressa si tid var over, og som framleis såg på Aura Avis som eit propagandaorgan for Arbeidarpartiet.

Bruk stemmeretten

Bakteppet for kommune- og fylkestingsvalet i år er spesielt. Det er krig i Europa, og krefter som står i sterk motstrid til dei demokratiske verdiane som vi er vande med her i Norge, er på frammarsj i mange land.

Ein kan meine både det eine og det andre om det norske folkestyret. Politikarane kranglar, bløffar i pressa situasjonar, lagar støy og strør ofte om seg med tomme ord. Dei gjer det ikkje alltid enkelt for seg sjølve. Men felles for alle, med unntak av nokre marginale utgrupper som vi absolutt skal vere på vakt mot, er likevel at dei står for ein politikk bygd på demokratiet.

Med di stemme, bidrar du til å verne om desse verdiane. I den ustabile verda vi lever i, er det viktigare enn nokon gong. Ved å velje sofaen på valdagen, støttar du indirekte krefter som ønsker å undergrave friheit og demokrati.

Eit privilegium

Vi lever i fritt land, der ein kan stemme på det partiet og dei politikarane ein måtte ønske. Å ha denne retten, er eit stort privilegium. Demokratiindeksen til FN-sambandet – ein organisasjon som jobbar for auka kunnskap om FN og internasjonale spørsmål – viser nemleg at det står mykje dårlegare til med dei demokratiske rettane rundt om i verda enn folk flest nok er klar over. Faktisk er det berre rundt ein av tre personar på kloden som lever i det ein kan kalle eit velfungerande demokrati. Andelen av jordas befolkning som bur i autokratisk styrte land, er den største på tretti år.

Ut frå ei lang rekke indikatorar, måler demokratiindeksen graden av demokrati i 167 land på ein skala frå 1 til 10. På toppen av denne lista trona i 2022 Norge, med ein score på 9,8. På dei neste plassane kjem New Zealand (9,6), Sverige (9,5), Island (9,5), Finland (9,3) og Danmark (9,3). I den andre enden av rangeringa finn vi Syria (1,4), Nord-Korea (1,1), Myanmar (0,7) og Afghanistan (0,3). USA står med ein score på 7,9 og Russland med usle 2,3.

Galningar med makt

Russland blir i dag leia av ein kriminell elite, med president Vladimir Putin i spissen. Frå januar 2025 kan verda risikere at den like kriminelle Donald Trump tar fatt på ein ny periode som president i USA. Om ikkje lenge kan altså to av verdas stormakter bli styrt av personar som står for diktatur, politiske drap, valfusk, korrupsjon, løgn og splitting. Det er ein skremmande tanke, ikkje minst fordi krigen i Ukraina kan kome til å vare i fleire år framover.

Galskapen rundt oss bør vere ein vekkar. Demokrati og frie val er verdiar vi ikkje må ta for gitt. Det blir hevda at likegyldigheit er demokratiet sin verste fiende. Den dagen vi sluttar å bry oss, banar det veg for karar som Putin, Trump og andre galningar. Derfor er det så viktig at folk brukar stemmeretten.

Lokalvala engasjerer minst

Deltakinga i lokalvala er tradisjonelt lågare enn i stortingsval. Sidan 1983 har oppslutninga vore under 70 prosent. Botnnivået på landsbasis så langt vart nådd i 2003, med 59 prosent i kommunevalet og 55,6 prosent i fylkestingsvalet. I 2019 var deltakinga nasjonalt 64,8 prosent i kommunevalet, og 61 prosent i fylkestingsvalet.

Under arbeidet med ein artikkel for Aura Avis, sjekka eg nokre tal for Sunndal og Tingvoll. For fire år sidan var deltakinga ved kommunevalet i Sunndal 68,5 prosent og 67,4 prosent i Tingvoll. I fylkestingsvalet i 2019 brukte 61,5 prosent av sunndalingane stemmeretten, medan deltakinga i Tingvoll var på 60,8 prosent. Tala kunne ha vore verre, det finst kommunar med langt svakare valdeltaking. T.d. var valkretsen Oslo rådhus heilt nede i 42,2 prosent ved siste lokalval. Samtidig fortel statistikken altså at rundt ein tredel av dei med stemmerett i Sunndal og Tingvoll let kommune- og fylkestingsvalet segle sin eigen sjø i 2019. Dei to kommunane er langt frå eineståande. Oppslutninga burde ha vore betre.

Så derfor: Gjer di borgarplikt i år!

Kommenter innlegget