HYTTELIV

Veden vermer mange gongar, blir det sagt. Det er heilt sant. Vi som har ei veg- og straumlaus hytte utanfor allfarveg, veit kva dette handlar om.
Vedarbeidet på Tæla foregår på gammaldags vis. Med unntak av dei største trea, nyttar vi handsag. Det er ein støyfri og effektiv reiskap. Så langt frå folk, brukar eg heller aldri motorsag når eg er åleine.
Etter felling og kvisting, ber vi strangane fram til hytta. Det skjer i motbakke. Tungt, ja. Men for ei glede det er å slenge ein stokk ned frå skuldra og sjå at vedrøysa veks!
I går hadde vi ei økt med vedkapping. No har eg kløyvd opp alt saman. Det ser lovande ut. Haugen med nykløyvd ved ruver godt. Kanskje må vi dra fram nokre ekstra strangar. Det går fint. Kalenderen viser enno august. Vi har full kontroll. Dette med den aukande trongen til å ha kontroll når det gjeld ved, har med alder å gjere. Trur eg. No har vi nok til å fyre i tre hyttesesongar. Det gir ro i sjela.
Det er mykje som påverkar vedforbruket på ei straumlaus fjellhytte. Dei viktigaste faktorane er kor ofte hytta blir bruka, ver, temperatur og tidspunktet for påskehelga. Ja, kanskje spesielt det siste. Tidleg påske inneber langt meir fyring enn sein påske. Neste år kjem palmesøndag 24. mars. Da kan det framleis vere full vinter i fjellet. Nei, vi må nok ut og hogge litt meir. For å vere på den sikre sida.
Vedhogst er ein del av den norske folkesjela. I Lars Mytting si bok «Hel ved» (2011) les eg at det i 1900 vart brent om lag 2,5 millionar tonn ved i Norge. Det budde på den tida 2,5 millionar menneske her i landet. Hogsten til brensel utgjorde nesten halve tilveksten av skog.
Så kom nye varmekjelder opp gjennom åra. I 2011 var årsforbruket av ved i Norge på 1,5 millionar tonn. Da hadde vi vorte nesten fem millionar nordmenn. Nedgangen til tross, i 2011 hadde Norge eit av verdas høgaste forbruk av ved i forhold til folketalet. Eg vil tippe at det framleis er slik.
Det er i alle fall nok å ta av. Den eksplosive attgroinga drep gamle kulturlandskap. Turistar som kjem til Norge køyrer etter vegar der skog og kratt sperrar for all utsikt. Vi burde ha hatt ein stor nasjonal hogstdugnad.
Den kjem nok ikkje. Men vi i Tælastuå held fram med vårt vesle prosjekt, som er å halde seterstølen open. Det gir oss ved og varme, pluss mykje triveleg arbeid i lag.
Vedarbeid vermer mange gongar, og på ulike vis.
